Programslepp 2020

Vel møtt til programslepp Hardanger Musikkfest!

Bunaden er pakka saman med nokre saftige fenalår når det vert fire ulike programslepp til Hardanger Musikkfest 2020. Ynskjer dykk velkomne til å få servert godbitar for både øyro og ganen! Me sitrar av spaning når me skal sleppa programmet til årets festival! 

BERGEN
Torsdag 5. mars kl 18 på Bergen Brunsj: 
Med Erlend Nødtvedt og Tora Augestad.

LOFTHUS
Fredag 6. mars kl 20 på Ekspedisjonen Skjenkestove
Marsquiz med Haustveit og Børve! Musikkfestquiz med billettar i premie og frenderekruttering av frendesjef Gisle.


ODDA
Laurdag 7. mars kl 14 på Trolltunga Hotel & Trolltunga Restaurant
Broblebrunsj og Hardanger Musikkfest! Med Alexander Røynstrand og AK Glück-Teigland.


OSLO
Onsdag 11. mars kl 19 på Josefine Visescene:
Med Therese Birkelund Ulvo, Tora Augestad, Ruth Wilhelmine Meyer og Sveinung Bjelland.

Billettsal