
Hardanger Musikkfest 31. august til 3. september 2023. Årets tema er GRØDE. Alle billettar og ulike festivalpass er til sals på Ticketco.
31. aug., 2023
kl 16.00
Pris: 170,-
Konsertarena: Opedalstunet
Vernissage for årets festivalkunstnar Elisabeth Emmerhoff. Sigurd Sverdrup Sandmo gjev saman med vokalgruppa Små Grå eit kræsjkurs i færøyske balladar og satiriske dikt. Eit glas Hardangersider inkludert i billetten.
31. aug., 2023
kl 18.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Høgtideleg opning med kammermusikalsk grøde. Anne Hytta spelar nylaga musikk for hardingfele frå prosjektet “Gjennom dagen”. Andreas Brantelid (cello) og Christopher Park (klaver) byr på musikk av Joseph Woelfl og Sergei Rachmaninov. Opningstale ved fruktbonde Harald Alvavoll.
31. aug., 2023
kl 20.00
Pris: 350,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Festivalen sine mange freistingar vert presentert i ord og musikk. Denne kvelden får du den perfekte introduksjonen til artistane. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den fyrste festivalkvelden med tradisjonsmat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Dette er poplære oppskåka i ny drakt. Vertskap: Therese Birkelund Ulvo. Hakkasteik inkl. i billetten.
1. sep., 2023
kl 8.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Gløyp, Kinsarvik
Musikalsk frukost med folkesongar Unni Løvlid og fiolinist Hanna Kallestad. Servering frå Gløyp inkludert.
1. sep., 2023
kl 11.15
Pris: 250,-
Konsertarena: Fløy bakeri
Kom tett på folkemusikar Anne Hytta og cellist Andreas Brantelid når dei framfører formiddagens tonar inne på Fløy Bakeri. Servering frå Fløy inkludert.
1. sep., 2023
kl 13.15
Pris: 250,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Bøndene i Hardanger byrja å pressa eple til saft på 1700-talet, og her startar vår musikalske tidslinje. Pianist Christopher Park tek oss med på ei musikalsk tidsreise frå 1773 til i dag. Sigurd Sverdrup Sandmo er med som kunnskapsrik ekspedisjonsleiar.
1. sep., 2023
kl 14.30
Konsertarena: Lofthus Ekspedisjon
Festivalen inviterer sentrale politikarar til kulturpolitisk debatt. Me får vitjing av fleire fylkesordførar-kandidatar til haustens val, og vil utfordra dei på kulturpolitikk. Få med deg denne samtala om saker som er viktige for oss!
Billettsalget starter 1. mars.
Meld deg på nyhetsbrev for å sikre deg informasjon tidlig
1. sep., 2023
kl 16.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Velkomen til rein og skjær kvardagsmagi! Ei konsertforestilling skriven og framført av vokalgruppa Små Grå. Menneska sitt språk, timing, humoren, alvoret, og kva me heng oss opp i og synest er viktig, er inspirasjonen bak Små Grå si konsertforestilling. Trioen er sett saman av fabelaktige Nina Mortvedt, Benedikte Kruse og Mai Elise Solberg.
1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).
1. sep., 2023
kl 21.00
Pris: 150,-
Konsertarena: Lofthus Ekspedisjon
Uformell og variert kviss med musikalske overraskingar! Kvissmeistrane er balansekunstnarane Anna Gursli Langesæter og Karl Ystanes! Begge er gardseigarar, men jobbar med sider, festival, journalistikk, HR og PR - til saman har dei ein breidde som få kan skilta med. Spørsmåla vil vera ei fin blanding av musikkrelaterte spørsmål – og heilt andre tema. Me inviterer til ein akkurat passeleg vanskeleg festivalkviss, og det vankar ein fin premie til vinnarlaget! Kvissen startar kl 21:00, og varar om lag to timar.
2. sep., 2023
kl 11.00
Pris: 500,-
Sopran Mari Eriksmoen og pianist Christopher Park gjev ei intim og eksklusiv konsertoppleving i ærverdige Skrivargarden. Lieder og romansar står på programmet - og her er mykje lengsel og grobotn for dei store kjenslene. Skrivargarden på Lofthus er ein unik, svært flott konsertarena med berre 30 plassar.
2. sep., 2023
kl 12.00
Pris: 300,-
Hardanger Musikkfest sitt stjerneskot 2022, fiolinist Hanna Kallestad tek med seg den prislønna cellisten Birgitta Oftestad til Agatunet, og byr på både eigen musikk og favorittar frå kammermusikkrepertoaret. Sigurd Sverdrup Sandmo er vertskap. Båttransport frå Lofthus: Frå Lofthus kan ein ta siderbåten til Aga kl. 11.15, ankomst 11:30. Vandring opp til Agatunet. Retur med siderbåten kl. 14.10. Ankomst Lofthus 14.25. Eigen billett til båten kjøpes på tastehardanger.com. Pris kr 150 t/r Lofthus-Aga.
2. sep., 2023
kl 13.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
4 unge komponistar har sidan hausten 2022 jobba for å skapa nye lydbilete og utfordra seg sjølve som musikkskaparar. Verka hadde premiere under Borealis 2023, og Hardanger musikkfest markerar starten på prosjektet sin Vestlandsturné.
2. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 275,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Unni Løvlid (vokal), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (piano, harmonium) gjer sine versjonar av Edvard Grieg sine 9 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Tradisjonelt, nyskapande og friskt, frå tre av dei mest spanande musikarane me har innan folkemusikken.
2. sep., 2023
kl 17.15
Pris: 480,-
Konsertarena: Lofthus Sideri
I år går turen til Lofthus Sideri. Vokalgruppa Små Grå og multiinstrumentalist Kouame Sereba står for dei musikalske boblene, og me får smaka på fleire av produkta frå vertskapet.
2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.
2. sep., 2023
kl 22.00
Pris: 350,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Me er glade for å presentera Festkveld på Krossvoll med Hans Martin Austestad - og hans gjester vokalgruppa Små Grå og songar og skodespelar Henrik Horge, Austestad er anerkjent strengemusikar og banjoist, songskrivar og artist. Han har blitt nominert til Spellemannsprisen heile tre gonger for sitt arbeid med bluegrassbanda Earlybird Stringband og Løkki. Under konserten på vår festival vil han by på ei sjeldan oppleving ved å tolke norsk slåttemusikk på sin femstrengsbanjo. Som om ikkje dette var nok får han også med seg fantastiske Henrik Horge og sine tidlegare klassekamerater i Små Grå til å lage ein heilt spesiell liten konsertavdeling kun for publikummet på Krossvoll denne kvelden. Me gler oss til å ønske publikum velkomne til ein uforgløymeleg kveld på Hardanger Musikkfest. Forvent deg ei herleg oppleving fylt med vakre songar og meisterleg strengespel.
3. sep., 2023
kl 11.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Med Halve Plutselig Barneteater, Små Grå og Stian Carstensen. Publikum vert invitert til å koma med forslag og innspel undervegs, som påverkar handlinga på scena. Artistane improviserer fram ei morosam teaterførestilling med lattergaranti!
3. sep., 2023
kl 12.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Andreas Brantelid, Ingfrid Breie Nyhus og Christopher Park i eit heilnorsk kammermusikalsk program frå jubilanten Thomas Tellefsen til Ingfrid Breie Nyhus sine eigne komposisjonar. Grieg er sjølvsagt også med, og me får blant anna Bryllupsdag på Troldhaugen.
3. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 375,-
Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal
Festivalen vert avslutta med noko av det vakraste frå kammermusikkrepertoaret ispedd heilt nye kombinasjonar. Ein konsert som vil gje gjenklang heilt til neste års festival. Til å setja årets musikalske punktum: multiinstrumentalist Kouame Sereba, sopran Mari Eriksmoen, cellist Birgitta Oftestad, kvedar Unni Løvlid og hardingfelespelar Anne Hytta.
Alle enkeltbillettar eller ulike festivalpass på Ticketco.
“Alle kulturar har sine historieforteljarar. Desse er viktige for å vidareføre og halde oppe visdom og kunnskap som er nedarva gjennom levd liv.” Sondre Bratland