Overnatting

Overnattinga er ein viktig del av den magiske opplevinga på Hardanger Musikkfest. Sjå oversikta under for å finna overnattingsstaden som passar best for deg.

Ullensvang

AirBnb

Det er mange tilbydarar av overnatting gjennom AirBnb

Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang er blant Norges flottaste hotell. Det ligg idyllisk til ved sørfjorden og næraste nabo til fruktlandskapet på Lofthus. Hotel Ullensvang er hovudarena for dei største konsertane under festivalen. Her tilbyr dei nydelege rom, Ullensvang bad og god mat og drikke. Ved kjøp av festivalbillett tilbyr hotellet festivalpris.

Kinsarvik Camping

Familievennelige Kinsarvik Camping ligg ved ved Hardangerfjorden. - Me tilbyr ein moderne campingplass med 25 hytter av ulik standard, dei fleste med vakker utsikt over fjorden.

Lofthus Camping

Lofthus Camping ligg midt i dei frodigaste frukthagane i hjarta av Hardanger med vidkjent utsyn over fjord, fjell og fonn. Hjå oss kan ein verkelig nyta ferien i rolege og naturskjønne omgivelsar. Me er stolte over å ha ynskt våre gjester velkomen i 3 generasjonar.

Mikkelparken ferietun

Mikkelparken ferietun ligg vakkert til like ved Hardangerfjorden. På holmen rett overfor ligg ein flott badelagune og sandvollyballbane. Mikkelparken ferietun er spesielt tilpassa barnefamiliar

Ullensvang Gjesteheim

Ullensvang Gjesteheim har 10 rom og òg eit stabbur som kan leigast ut med oppreidde senger. Det er matservering i vakre omgjevnader like ved Ullensvang Kyrkje på Lofthus i Ullensvang, midt i Hardanger.