Hardanger Musikkfest 2019

5. juni - 10.juni – Vandring

Tema for festivalen i 2019 er VANDRING

Programmet er oppdatert og me arbeider med å få klar alle artistbiografiar. 

Kom til Hardanger i pinsen, og kom nærare musikken med musikk som rører! Tora Augestad & Therese Birkelund Ulvo, Kunstneriske leiarar.

Hardanger Musikkfest vart etablert av Stig Nilsson i 1996. Den dåverande konsertmeister i Oslo Filharmoniske orkester hadde i nokre år vore på jakt etter ein stad der han kunne invitera vener og kollegaer til felles musisering, og skapa ein festival basert på positive relasjonar og god musikk.  

Staden fann han i Hardanger, nærare bestemt Ullensvang herad, kor kulturkontoret tok vel imot både han og ideen, og hjalp til med å realisera og gjennomføra festivalen. Festivalen sitt senter har frå fyrste år vore Hotell Ullensvang i Lofthus, som med fantastiske kvalitetar og vakre omgjevnader er ideell for både festivalen, utøverane og publikum. 

Hardanger Musikkfest etablerte seg raskt som ein av landets finaste festivalar for klassisk kammermusikk og folkemusikk. Festivalen vaks seg større i tal arrangement og geografisk spreiing i regionen enn det Stig Nilsson hadde kunna drøymt om. Kvart år er det konsertar i alle dei tre hardangerkommunane Ullensvang herad, Odda og Eidfjord kommune, og festivalen gjennomfører 30-40 konsertar og førestellingar under festivalen. Frå 2017 ble også Jondal kommune inkludert. 

Artistane som vert inviterte til Hardanger Musikkfest, reiser alltid slitne, men lukkelege heim. Det er mykje jobbing i 5 dagar, men den nære kontakten til publikum, musikken, dei andre artistane og den strålande vakre naturen i Hardanger, gjer det til ei glede for alle involverte. Publikum er både lokale kulturinteresserte, og tilreisande frå nær og fjern. Dei siste åra har utanlandske publikumarar kjøpt 1/6 av billettane.  

Då Stig Nilsson valde å tre tilbake som kunstnarisk leiar i 2012, blei Anders Kjellberg Nilsson og Wolfgang Plagge engasjerte som kunstnariske leiarar.   

Etter to flotte festivalar valde dei å overlata ansvaret  til ein av landets lovande komponistar, Therese Birkelund Ulvo, og songar Tora Augestad.