30.11.2020

Ritar

Festivalen i 2021 finn stad 20.–24. mai og temaet er: RITAR

Hardanger Musikkfest har 25 årsjubileum! Etter eit kvart hundreår med festivalar har me toppa programmet i jubileumsåret og gler oss til å gje deg store opplevingar. Me feirer med både nye og gamle ritar knytt til musikk, kunst, naturen, Hardanger og livet sjølv. Me vil sjå på lokale skikkar og særtrekk samstundes som me hentar inn ritual frå andre kantar av verda. Det vert intime konsertar nærare musikken og forrykande opplevingar i Fjordahallen. Me gler oss til å presentera folkedansar Torkjell Børsheim på same scene som prima ballerina Camilla Spidsøe Cohen i festivalen si storsatsing, Stravinsky sitt «Våroffer». Dette vert festivalen sitt høgdepunkt - ein orgie i ritual, dans og eksplosiv musikk som sameinar fotefar frå både himmel og helvete. Med seg på scena har dei den verdskjende og vidgjetne dansaren Navid Resvani og den unike multikunstnaren Silje Aker Johnsen, som kombinerer det fremste innan song og dans. Stravinsky sin originalversjon for 2 flygel dannar det musikalske fundamentet for denne oppsetjinga. Med 472 vibrerande strengar skapar to pianistar frå øvste hylle eit umiddelbart og eksplosivt landskap i Fjordahallen. 

Under festivalen intivterer me også til japansk teseremoni, kallar på saunagudinner på Hovland, leitar fram hardangerske særritual og leikar med den klassiske konserten og alle dei tilknytte ritane. Ritual skal helst ikkje overraska, dei skal stadfesta allereie innlærde forventningar.

Komponistar har til alle tider kjempa med og mot uskrivne reglar for form, harmonikk og tonalitet, kor både otta og tilfredsstilla har bestått i anten å bryta med eller videreutvikla den siste sanning.

Musikken kan kanskje kjennast framand når den vert omgjeven av for mange rituelle handlingar det moderne mennesket ikkje lenger kjenner seg ein del av. Samstundes kan det kjennast utrygt når dei kjende råmene skal fornyast. I kryssinga mellom inviterande og ekskluderande, trygt og framandgjerande, syner kunsten oss ein annan versjon av røyndomen.

Startskotet for jubileumsåret, går allereie i mars – når 11 menn frå Hardanger legg ut på langtur frå Hardanger til Oslo på Dronning Sonjas Honnørmarsj.

Hardingane skal tematisera ritane knytt til ferdselen på vidda og dei historiske lenkjene mellom aust og vest. Karane skal fylla pulkane med rituelle, musikalske, kunstneriske, historiske og personlege gåver. Ruta går frå Hardanger til Oslo og Slottet – i von om å møta Dronninga og overlevera gåvene, samt eigen handskriven invitasjon til å koma på festivalen.

Therese Birkelund Ulvo, Gunilla Süssmann & AK Glück-Teigland