Konsert frå Graaten - Knut Utler
19.06.2019

Hardanger Musikkfest søkjer dagleg leiar/produsent

Hardanger Musikkfest søkjer etter ein dagleg leiar/produsent i 50 % stilling som får leia arbeidet med å vidareutvikla festivalen saman med våre flotte kunstnariske leiarar.

Hardanger Musikkfest vart starta av Stig Nilsson i 1996 og etablerte seg raskt som ein av landets finaste festivalar for klassisk kammermusikk og folkemusikk. Det er ein omfattande festival i omfang og utstrekning, med 35–40 konsertar og arrangement i løpet av 5 dagar, i 4 kommunar i Hardanger. Festivalen sine kunstnariske leiarar er siden 2015 Therese Birkelund Ulvo og Tora Augestad, og deira ambisjon er å bringa publikum nærare musikken, gjennom programmering, artistval og arenautvikling. Me har ambisjonar om å vidareutvikla den kunstnariske kvaliteten, styrkja vår marknadsposisjon, og få ein stadig meir velfungerande festivalorganisasjon.

Hardanger Musikkfest søkjer etter ein dagleg leiar/produsent i 50 % stilling som får leia arbeidet med å vidareutvikla festivalen saman med våre flotte kunstnariske leiarar. Dagleg leiar/produsent tilsetjast i åremål med tre års varighet. Prøvetida er 6 månadar. Stillinga som dagleg leiar/produsent er sidestilt stillinga som kunstnarisk leiar, og rapporterer til styreleiar. Stillinga er på 50%.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegga, koordinera og gjennomføra Hardanger Musikkfest med kvalitet i alle ledd:
  • Ansvar for logistikk og produksjonsplan for festivalen 
  • Produksjonsarbeid og konsertavvikling under festivalen
  • Avtalar og kontraktar med alle medverkande og samarbeidspartar
  • Ansvar for reiser og opphald for alle involverte
  • Personalansvar og arbeidsleiar for dei frivillige
  • Marknadsplanleggjing og marknadsføring av festivalen
  • Representera festivalen og ha ansvar for sponsorarbeidet, saman med styret
  • Utvikling av samarbeid med andre kulturtiltak i regionen
  • Økonomiansvar og administrativt arbeid 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring med førebuing og gjennomføring av større event/festivalar
  • Kjennskap til kulturfeltet og norsk musikkfelt spesielt
  • Kunnskap om marknadsføring og publikumsutvikling
  • Kunnskap om kommunikasjon og sosiale medier
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, gjerne på nynorsk

Personlege eigenskapar:

  • Godt organisert, sjølvstendig og med sterk gjennomføringsevne
  • Trivst med både å samarbeida og å leia, og er ein god relasjonsbyggjar
  • Fleksibel i forhold til arbeidstider og arbeidsoppgåver

Me kan tilby:

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • God festivalerfaring og eit godt arbeidsmiljø 
  • Inspirerande kunstnerisk leiing og eit støttande styre
  • Fantastiske musikalske opplevingar, i verdas vakraste omgivnadar!

Søknadsfrist 15. august. Send søknad med CV til post@hardangermusikkfest.no.

Bustad: Me ser helst at vår neste daglege leiar/produsent er busett i Vestlandsregionen, helst Hardanger/Voss.

Løn etter avtale.

Spørsmål vedrørande stillinga kan rettast til:
Styreleiar Kåre Rommetveit mob: 90857399
Epost: kare.rommetveit@gmail.com

Hárr
Hardangerkoret
SS Mendi - Dancing the death drill
Edvard Munch Ensemble
Benedicte Maurseth