Hotel Ullensvang - Restaurant Ullensvang
Restaurant Ullensvang byr på smaksrike opplevingar med sesongens ingrediensar. Du finn restauranten på Hotel Ullensvang, inngang via hotellet sin resepsjon. Det er ope for lunsj mellom kl. 13:00 – 16:00 og middag frå kl. 18:00 til 21:00. For bordbestilling, ta kontakt på 53 67 00 00. Det er bar i Hardangerhallen under konsertane, med sal av drikke og snacks.Lobbybaren og/eller hovudbaren er også open.
Ullensvang Gjesteheim
Amm og Erlend på Ullensvang gjesteheim byr på både tradisjonell Hardangermeny og asiatiske rettar - like ved Ullensvang kyrkje. Opningstider tysdag – fredag kl. 18.00 til 21.00, laurdag kl. 16.00 til 21.00. Sundag kl. 14.00 til 20.00.
Fløy bakeri
På Fløy er dei opptekne av å lage ekte bakevarer laga frå botnen av - og det kan du kjenna på smaken. Fredag 1. september kl. 11.15 er Fløy Bakeri arena for konserten Musikalsk Brunsj. Opningstider elles under festivalen er torsdag og fredag kl. 10-16, laurdag kl. 9-16 og sundag kl. 10-16.
Lofthus Ekspedisjon
Ekspedisjonen er ein populær møtestad midt i Lofthus sentrum. Dei formidlar kulturhistorie og tilbyr lokale produkt som sider frå Hardanger, eplejuice, og øl. Lofthus Ekspedisjon er arena for Festivalkviss fredag 1. september. Torsdag og laurdag står dei for baren på Krossvoll.
Opedalstunet
Opedalstunet - gard og sideri - har nyopna lokaler i løa si, og har under festivalen ope for servering av enkel mat av det søtare slaget, samt dråpar i glaset. Her opplev du også utstillinga Fjorden til årets festivalkunstnar Elisabeth Emmerhoff. Opningstid fredag til sundag kl. 11-18. Torsdag 31. august kl. 16.00 er Opedalstunet arena for arrangementet Føreleik og vernissage.
Kompaen Hardanger
Kompaen ligg like ved Hotel Ullensvang. Dei tilbyr lunsj og middag frå ein variert meny. Her kan du også kjøpa ost og spekemat, tapasfat, lokal prislønna sider og delikatesser.
Gløyp spiseri i Kinsarvik
Gløyp Spiseri ligg midt i Kinsarvik og her står gode og lokale råvarer i fokus. Fredag 1. september kl. 08.00 er Gløyp arena for konserten Morgontonar. Opningstider ellers 12.00-21.00. Sjå Gløyp si side på Facebook for evt. øvrige tilbod under festivalen.
Lofthus Sideri
Lofthus sideri er fire nabobruk som i lag freistar å laga god eplejuice og sider. I deira lokale på Eidnes vert det Sidersmaking med musikalsk fylgje laurdag 2. september kl. 17.15. Gardsutsalet er ope måndag til fredag kl. 08 - 20 og laurdag kl. 08-18. Sundag stengt. Sjå sider.no og Lofthus sideri sine sosiale medier for evt. øvrige tilbod under festivalen.
Alvavoll frukt- og sidergard
Rett ovanfor Lofthus Sentrum driv Harald og Lisa Alvavoll frukt- og sidergard. Gardsutsalet er ope mellom kl. 10 og 18 måndag til laurdag. Sundag stengt. Sjå alvavoll.no og sosiale medier for evt. øvrige tilbod under festivalen.
Taste Hardanger - Frukt- og sideropplevingar
Hardanger er Noregs episenter for frukt- og siderproduksjon. Ullensvang fruktlager på Lofthus har ope fruktutsal på kvardagar. Oversikt over alle sideropplevingar og dei 24 ulike gardsutsala i Hardanger finn du på tastehardanger.com. Opningstider varierer mellom gardane. Siderprodusentar på Lofthus er Lofthus sideri, Lofthus Ekspedisjon, Alvavoll frukt- og sidergard, Opedalstunet, Helleland gard og Lie gard. Hardangergutane og Hardangerbonden ligg ein kort køyretur frå Lofthus retning Odda.