Kunstnarisk leiing

Komponist Therese Birkelund Ulvo og pianist Gunilla Süssmann er kunstnariske leiarar av Hardanger Musikkfest frå 2021.

Therese Birkelund Ulvo (f. 1982, Bergen) har vore involvert i Hardanger Musikkfest i ulike roller sidan 1999, og overtok i 2014 den kunstnariske leiinga saman med Tora Augestad. Ulvo har som komponist utmerka seg i dei større formata dei siste åra, og er ei av få norske komponistar i sin generasjon som jamnleg får framført eigne verk hjå dei store norske orkestera. Musikken er ofte inspirert av andre kunstfelt, som film, tekst og lydkunst. Ho har eit nært forhold til norsk tradisjonsmusikk, kor ein kan finna både det mikrotonale, det rapsodiske og opne former. Musikken hennar vert mykje framført, i inn- og utland. 

I tillegg til virket som komponist har ho mellom anna mange verv og roller i kulturlivet, mellom anna som plateprodusent. 

Ulvo var Rikskonsertenes intro-komponist 2011–2013. I 2015 mottok Ulvo De Unges Lindemanpris, utvald av komponist Cecilie Ore. I internasjonale Rostrum for komponistar i Wrocław, Polen, i 2016, vart Therese Birkelund Ulvo sitt verk Shadows and Shields tildelt utmerkinga Recommended Works i den generelle kategorien kor elleve verk frå heile Europa vart tilrådd for radiospeling i mønstringa sine 30 deltakarland. I oktober 2017 vart Ulvo den fyrste av i alt seks komponistar som vart utvald til å vera del av KUPP, eit utviklings og nettverksprogram for unge, lovande komponistar. 

Ulvo var festivalsjef for Nordic Music Days i 2019.

Gunilla Süssmann (f. 1977, Bergen) kan sjå attende på ei rik og variert karriere som konsertpianist, med internasjonal turneverksemd, ei lang rekkje plateinnspelingar og sterke musikarsamarbeid i ryggsekken. Studium ved NMH og Hochschule für Musik i Hannover vart gjennomført parallelt med pristildelingar og ei veksande solokarriere. Ho har halde konsertar både som solist og kammermusikar i salar som Concertgebouw Amsterdam, Wigmore Hall, Louvre i Paris og Festspielhaus Baden-Baden, samt vore ein hyppig gjest ved dei store internasjonale festivalane både i Noreg og utlandet. English Chamber Orchestra, Bournemouth Symphony Orchestra, Oslo Filharmonien, Auckland Philarmonic, Stavanger Symfoniorkester, WDR Köln og Staatskapelle Weimar er berre nokre av mange orkester ho har vore solist med. Kammermusikk har alltid hatt ein særskild plass i hjarta hennar, noko ho har dyrka gjennom dedikerte samarbeid med musikarar som Christian Tetzlaff, Martin Fröst, Solveig Kringlebotn, Antje Weithaas, og ikkje minst cellisten Tanja Tetzlaff. 

I 2017 vart ho grunna ein skade tvinga til å leggja spelinga på hylla, og valde å kanalisera kjærleiken til musikken gjennom andre vegar. Etter mange år i utlandet, kor ho og grunnla musikkfestivalen LilleNorge, flytta ho i 2018 attende til Noreg. Hennar attrå for musikk og iscenesetjing førte ho til Den Norske Opera & Ballett, kor ho i dag jobbar som konsertprodusent.

Lenkja til Hardanger vart etablert tidleg gjennom oppveksten i Bergen. Men også gjennom fleire ugløymelege vitjingar som pianist på festivalen, som ho gjesta fyrste gong i 2004. 

Gunilla Süssmann og Therese Ulvo lagar sin fyrste felles Hardanger Musikkfest i 2021.