Ullensvang kyrkje høyrer me fyrst om i eit dokument frå 1309. Truleg har kyrkja vore bygd før den tid, kanskje ein gong mellom 1250 og 1300.
Kyrkja er bygd i stein. Stilen er engelsk gotikk med spissbogar. Murane i skipet er opp til 1,4 m tjukke. Ei segn fortel at det var ein skotsk murmeistar som bygde kyrkja, og på austveggen av kyrkja ser me tre menneskehovud, og desse skal vera murmeistaren og sønene hans. Tårnet vart bygd rundt 1890. Kyrkja har ein fantastisk akustikk og har vore nytta til CD-innspelingar.
3. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Høgtideleg opning med kammermusikk i ekkoet si ånd. Håvard Gimse, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam, Florian Donderer og Oslo Strykekvartett byr på musikk av Pärt, Shaw, Asheim (urfremføring) og Brahms.
4. nov., 2022
kl 13.00
Pris: 275,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Meistermøte mellom tradisjon og improvisasjon med Erlend Apneseth (NO) og Karin Nakagawa (JP).
4. nov., 2022
kl 22.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Stjernemusikarane Florian Donderer, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam og Håvard Gimse spelar det vakraste verket i verda.
5. nov., 2022
kl 14.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
To verk over hymna til jomfru Maria, skrive med 286 års mellomrom. Pergolesi og Futrell vert tolka av Terjungensemble, Silje Aker Johnsen og Mari Askvik. Rystande vakker musikk. Konserten og ensemblet er støtta av Kulturrådet - Norsk Kulturfond
6. nov., 2022
kl 12.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Silje Aker Johnsen, Håvard Gimse, Florian Donderer, Sharon Kam og Tanja Tetzlaff i et heilnorsk kammermusikalsk program. Sigurd Sandmo, tidlegare direktør på Troldhaugen, er vertskap.