Skrivargarden, Lofthus

Skrivarstova ligg i den gamle Skrivargarden som var bygdas maktsentrum i tidlegare tider.

Sorenskrivaren var ein av fire embetsmenn som på statens vegne stod for det meste av det lokale styre og stell i Noreg. I tilegg kom futen, kapteinen og presten. Dette var ein elitekultur, med sterke band til Europa, og det viser att på stilen på bygningen som vart reist på slutten av 1700-talet. Dette huset, som stod nokre hundre meter lenger nord, vart rive, men teke vare på og seinare reist her det no står. Det er gjort eit omfattande restaureringsarbeid for å føra det tilbake til slik det eingong var.

%}

Konserter på Skrivargarden, Lofthus

8. juni, 2019
kl 13.00
Pris: 250,-

Virtuos
Joachim Carr // Amalie Stalheim

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

To av dei verkeleg store namna innan sin generasjon av klassiske stjerner - for første gong i samspel. Ei storhending i Hardanger! Amalie Stalheim er kjend for slåande teknisk brillians, samtidig som ho har eit personleg musikalsk uttrykk. Joachim Carr har ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt, som få unge musikarar kan vise til. Begge vinn stadig prisar i inn- og utland, og er på god veg til å etablere seg heilt i verdstoppen. Med seg i kofferten har dei Brahms, Debussy og Prokofiev.

8. juni, 2019
kl 17.00
Pris: 250,-

Spellemenn
Nils Økland // Håkon Stene // Benedicte Maurseth

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Dei forvaltar og fornyar ein stor kulturarv. Ber med seg historiene til alle dei som har vore med i lenka av munnleg overføringstradisjon. Slåttar lært på kjøkenet hos ein meisterspelemann, som igjen har lært han av sin bestefar, og slik går det bakover og bakover, men alltid i utvikling og endring. Nye slåttar kjem til og nye variantar av dei gamle oppstår. Historiene vandrar med oss.

Kjøp billett