Munkekjellaren på Alvavoll

Munkekjellaren ligg på Alvavoll frukt- og sidergard. Garden ligg på ei morenehøgd rett ovom Lofthusbygde, og navnet tyder på at dette har vore ein kultstad med guddommelege rørsler. På garden er det funne mange gravrøyser og ein runestein frå år 300, “Opedalsteinen”. På garden vert det i dag produsert eple, plommer, pærer, honning, saft og sider.

%}

Konserter på Munkekjellaren på Alvavoll

9. juni, 2019
kl 11.00
Pris: 250,-

Sans for sider
Annabel Guaita

Konsertarena: Munkekjellaren på Alvavoll

Ulike sanseinntrykk påverkar kvarandre. Musikk kan påverke korleis vi oppleve mat – og omvendt. I denne konserten utforskar vi korleis vårt eige sanseapparat kan bli ein inngang til å oppleve musikk på ein ny og annleis måte. Kva skjer i hjernen når vi høyrer to melodiar på ein gong? Kva skjer når ein smak treffer ein annan? Korleis smakar Geirr Tveitt sin musikk? Kva for tonehøgder korresponderar med surt, salt og søtt? Vi kombinerer fire korte musikkstykke av Geirr Tveitt, Edvard Grieg, Maurice Ravel og Fartein Valen med ulike sidersortar frå Alvavoll sidergard. På fjøla har vi bitar av norskproduserte ostar.