Tysso I er det første freda kraftanlegget i Noreg. Det er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag.
Det framstår no nyoppussa, mektig og flott. Konsertar i Tysso I der dei gamle turbinane enno står, er ei spesiell oppleving. Klangen minnar om dei store katedralane i Europa. Akustikken har svært lang etterklang og stiller heilt spesielle krav til utøvarane.
3. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 375,-
Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal
Festivalen vert avslutta med noko av det vakraste frå kammermusikkrepertoaret ispedd heilt nye kombinasjonar. Ein konsert som vil gje gjenklang heilt til neste års festival. Til å setja årets musikalske punktum: multiinstrumentalist Kouame Sereba, sopran Mari Eriksmoen, cellist Birgitta Oftestad, kvedar Unni Løvlid og hardingfelespelar Anne Hytta.