Kinsarvik kyrkje er den eldste steinkyrkja i Hardanger. Ho er bygd i åra 1150-1160.
Under den noverande steinkyrkja er det funne rester etter det som må vera den eldste trekyrkja i Hardanger, og steinkyrkja har truleg vorte bygd rundt trekyrkja medan ho framleis stod. Kyrkja er i normannisk- romantisk stil og var i si tid hovudkyrkja i heile Indre Hardanger. Under den siste restaureringa i 1959, fekk ein fram att fleire av dei fantastiske veggmåleria.
5. nov., 2021
kl 13.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Kinsarvik kyrkje
Meistermøte i kammermusikalsk skattekiste.
5. nov., 2021
kl 22.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Kinsarvik kyrkje
Ernst Simon Glaser tek oss med på tvers av hundreåra - frå Bach til i dag.