Hardangerhallen er ein tennishall med glasvegger som gjev ein fantastisk utsikt mot fjell og fjord. Her vert det bygd opp ei scene, og ein del av publikum kan sitja i amfi.
Hallen kan romma omlag 700 personar og husar dei største konsertane under årets festival.
1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).
2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.