Hardanger folkemuseum, Utne

Hardanger folkemuseum er det eldste folkemuseet i Hordaland, og vart skipa alt i 1911. Museet ligg på neset på Utne, med vakkert utsyn over fjord og fjell. Her kan ein oppleva Hardangerkulturen i naturskjønt landskap, og vitja utstillingar i eit moderne administrasjonsbygg, og historiske bygningar i museumstunet. Administrasjonsbygget er reist i tre omgangar. Fyrste del stor ferdig i 1976, andre del er frå 1987, medan den nye toppetasjen opna i 2011. I administrasjonsbygget finn ein forutan utstillingslokale og kontor, magasin, storsalen, kafe og verkstader. Kring adminstrasjonsbygget ligg friluftsmuseet med omlag 20 gardshus, naust, skulestove og krambua etter Sjur Svartveit.

Hauge-senteret gjev born og vaksne gode opplevingar av lyrikk og litteratur, kunst og musikk

Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som du både kan sjå, høyre og ta på. Første høgda i Hauge-senteret er tileigna Olav H. Hauge sitt liv og verk. Slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. Andre høgda er tileigna den mangfaldige lyrikken. I Lyrikkbiblioteket kan du oppdage all verdas lyrikk – presentert som skattar i skattekister. I Poesiverkstaden kan du lata deg inspirere til å skrive dikt sjølv, om du står fast har kjende poetar laga gode skrivetips til deg. Kunnskapsrike omvisarar tek deg med i utstillinga og gjev deg forteljingar til undring og ettertanke.

Hauge-senteret byd på eit breitt og spennande kulturprogram gjennom heile året for born og vaksne. Høgdepunktet er Ulvik poesifestival som vert arrangert annakvart år. Neste festival vert i september 2018. Ulvik poesifestival presenterer eit mangfald av nasjonal og internasjonal poesi, både originalverk og gjendiktingar, gjennom arrangement på høgt kunstnarleg og fagleg nivå, med eit program der alle interesserte kan finne arrangement som høver.

Teksten er henta frå www.haugesenteret.no

%}

Konserter på Hardanger folkemuseum, Utne

8. juni, 2019
kl 13.00
Pris: 250,-

Spellemenn / Diktardagen

Konsertarena: Hardanger folkemuseum, Utne

med Nils Økland, Benedicte Maurseth & Håkon Stene (Diktardagen på Utne) Billetten gjeld for heile programmet under Diktardagen Arrangementet er i samarbeid med Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret