Gamle Eidfjord kyrkje

Eidfjord kyrkje vart truleg bygd i 1309, og i 2009 vart 700-års jubileet markert ved fleire høve, m.a. under Hardanger Musikkfest.

Kyrkja var vigd til apostelen Jakob den eldre, men ein trur at det stod ei stavkyrkje her før den tid. Truleg har steinkyrkja vorte bygd omkring stavkyrkja medan denne framleis stod. Segna seier at det er den råderike og mektige Rike-Ragna som har reist kyrkja for å sona syndene sine. Slik kyrkja i Eidfjord står, har ho stått i nær 600 år, men då utan tårn. Det kom til seinare.

%}

Konserter på Gamle Eidfjord kyrkje

5. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 250,-

Hárr
Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Jasser Haj Youssef

Konsertarena: Gamle Eidfjord kyrkje

Velkomen til verdspremiere! Benedicte Maurseth har komponert tingingsverket til Hardanger Musikkfest 2019. Verket har tittelen Hárr, som er det gamle norrøne namnet på fjellet Hårteigen, det høgaste fjellet på Hardangervidda. Ein kan sjå store delar av vidda derfrå, og hárr tyder også "den grå vegvisaren”. Ta gjerne med ei pute til å sitje på!