Galleri N. Bergslien

Galleriet inneheld samlinga etter kunstmålar Nils Bergslien (1853-1928). Han var ein norsk målar, teiknar, illustratør og bilethoggar.

Bergslien var kjend for nasjonalromatiske folkelivsskildringar og motiv frå eventyr og sagn. Både målerisamlinga og galleriet er eigd av Eidfjord kommune. stor vekt på å beskytta miljøet og brukar kun grøn energi på tapperiet. Isklar er det einaste flaskevatnet i Norden som er godkjent som CO2 nøytralt produkt.

Loading map...
%}

Konserter på Galleri N. Bergslien

8. juni, 2019
kl 16.00
Pris: 250,-

Virtuos
Joachim Carr // Amalie Stalheim

Konsertarena: Galleri N. Bergslien

To av dei verkeleg store namna innan sin generasjon av klassiske stjerner - for første gong i samspel. Ei storhending i Hardanger! Amalie Stalheim er kjend for slåande teknisk brillians, samtidig som ho har eit personleg musikalsk uttrykk. Joachim Carr har ein djupsindig og delikat musikalitet i spelet sitt, som få unge musikarar kan vise til. Begge vinn stadig prisar i inn- og utland, og er på god veg til å etablere seg heilt i verdstoppen. Med seg i kofferten har dei Brahms, Debussy og Prokofiev.