Fjordahallen, Kinsarvik

Den store, flotte fleirbrukshallen i Kinsarvik sto ferdig i 2017. I 2018 gjorde Hardanger Musikkfest, med uvurderlig støtte og gaver fra Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Trond Mohn en stor investering i utstyr som gjør det mulig å bygge om idrettshallen til en konsertsal på bare et par timer. Dette er musikkfestens hoved-arena for store konsertopplevelser inn i framtiden!

%}

Konserter på Fjordahallen, Kinsarvik

6. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Opningskonsert: SS Mendi - Dancing the death drill
Isango Ensemble / SS Mendi

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Gå ikkje glipp av årets storhending i Hardanger, eit unikt og rørande gjestespel frå Sør-Afrika. Isango Ensemble med førestillinga SS Mendi – Dancing the death drill. Dei fleste hadde aldri sett havet tidlegare. Mange kunne ikkje symje. Det var få som overlevde forliset som er blitt kalla «Den svarte Titanic». “The final death drill — a stamping, ferocious dance, the performers armed with spades and pickaxes, eyes blazing — has a potency that knocks the breath from your body.” – THE TIMES. Vert presentert i samarbeid med Festspillene i Bergen

7. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med Sjøforsvarets musikkorps
Sjøforsvarets musikkorps // Eir Inderhaug // Edvard Munch Ensemble // Joachim Carr // Nils Økland // Amalie Stalheim // Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Maria Tryti Vennerød // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Vi inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for andre gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove. Med Sjøforsvarets musikkorps i ryggen gjestar festivalartistane scenen i ein konsert som garantert blir forrykende og flott. Ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad! Solistar: Joachim Carr, Guro Kleven Hagen, Tora Augestad, Amalie Stalheim, Eir Inderhaug med fleire Konferansier: Alf Magnus Reistad Dirigent: Ingar Bergby

Kjøp billett

8. juni, 2019
kl 19.00
Pris: 350,-

Hardangerkoret med Ytre Suløen jass-ensemble og Tricia Boutté
Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Bouttè

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Det store Hardangerkoret leia av Per Oddvar Hildre inviterer til storslått korkonsert med Tricia Bouté, Tora Augestad og Ytre Suløens Jass-ensemble. Det blir gospel og rytmisk driv, medrivande song og speleglede! Både Hardangerkoret og Ytre Suløen hadde jubileum i 2018, høvesvis 10 år og 45 år! Korleis kan eit band bestå i 45 år? Ved konstant å fornye seg sjølv, noko Ytre Suløens Jass-ensemble gjer, både m.o.t. det musikalsk repertoar og samansetnad. Bandet har medlemar frå 3 generasjonar, og reiser rundt med fleire spennande konsept. Dirigent Per Oddvar Hildre fekk i 2017 St.Olavs Orden for "sin fremragende innsats for kor og kultur." Hildre blei med dette "Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden", ei stor heidring frå Kongehuset som "belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten". Tricia Boutté er fødd i New Orleans, men no bosatt i Langevåg! Ho starta i gospelkor som ung jente og framstår som eit levande fyrverkeri på scena. Ho dansar, pratar, ler og flørtar med publikum og musikarar, og humøret er svært smittande. Samspelet mellom Hardangerkoret, Ytre Suløen Jazzensemble, Per Oddvar Hildre, Trica Boutté og vår eigen Tora Augestad blir ein festkveld av dei sjeldne!

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 12.00
Pris: 200,-

Psst! og Nøringen
Psst!

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Familiedag i Fjordahallen med lokale born frå Nøringen og den fengande og morosame musikkforestillinga Psst! PSST følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Kvardagslege ting som å ete frokost, bruke tørketrommelen i kjellaren, og å sjå på barne-TV, vert gjort om til musikalske hendingar. Svært aktiv bruk av - og samspel med - levande illustrasjonar (på lerret bak på scena), gjer at skiljet mellom det dagligdagse og den fantastiske, frie barnlege fantasien vert viska ut. PSST er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei mest aktive trommeslagarane i Noreg. Begge har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Fredrik Rysjedal er ein spennande kunstnar som gjer nybrottsarbeid med teikneseriar tilpassa skjerm. Nøringen er ei kulturarvsatsing for 4-6 åringar i Hardanger og Voss, med folkemusikk og folkedans som den raude tråden. På bornesundag skal vi ha ein felles avslutningskonsert for Nøringenborna i Fjordahallen.

Kjøp billett