Bleietunet

For godt 100 år sidan (1906) skreiv presten og historikaren Olaf Olafsen dette om garden: «Bleie har en herlig Beliggenhed. Alt hva Hardanger eier av Skjønhed og Romantik finder man her: Høit opp mod Himmelen den mæktige, straalende Bræ, foran den stille Fjord, hvori de mæktige Tinde speiler sig, rundt om en rig og yppig Plantevekst og en Skog av Frukttræer, hvorigjennom Bræelven skummende styrter ned – hva mer kan man vel forlange i Norden.» Fra aldesider.no

%}

Konserter på Bleietunet

8. juni, 2019
kl 15.00
Pris: 200,-

Konsert i Bleietunet
Sverre Barratt-Due // Victoria Puttermann // Guro Kleven Hagen // Arvid Resare

Konsertarena: Bleietunet

Kammermusikk i det fri! Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Olav Bleie plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller han i store ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær. Når gjæringa har kome godt i gang set han temperaturen ned og ventar spent i nokre månader. Slik får sideren utvikla seg sakte men sikkert, medan han held på den friske eplearomaen. Til våren når alle sidertankane er utgjæra kallar han saman gode vener med gode ganar, og dei smakar seg fram til ei blanding som er balansert mellom det søte og sure, det fruktige og den friske angen. I år inviterer vi dei same venene, og endå fleire, til å dele ein musikalsk meny kor samansetnaden mellom det søte og det friske, mellom norsk og østerriksk musikk er godt balansert! Musikk av Brustad, Berg og Mozart