Program

Tema for festivalen i 2020 er SVEVN. I 2020 feirar Hardanger Musikkfest sin 25. festival. Musikkfesten vart starta opp i 1996, då konsertmeister Stig Nilsson tok med seg sine musikarvener frå Oslo Filharmoniske Orkester og hadde konsertar på Hotel Ullensvang på Lofthus. Konsertane vart ein suksess, og musikkfesten har vorte gjenteken kvar pinse etter dette. I 2021 vert det 25-års jubileum, men før det vert det ein festival med temaet: SVEVN

28. mai, 2020
kl 16.00
Pris: 200,-

Den musikalske hjernen
Geir Olve Skeie

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Vel møtt til spanande innsikt i musikk når Geir Olve Skeie snakkar om kva påverknad musikk har på hjernen. Annabel Guaita er musikalsk makker.

28. mai, 2020
kl 17.00

Vernissage: 340 meter i sekundet
Gyrid Nordal Kaldestad // Are Lothe Kolbeinsen

Konsertarena: Alvavoll

Vernissage på Alvavoll: Lydinstallasjon av Gyrid Nordal Kaldestad & Are Lothe Kolbeinsen. Arrangementet er gratis, men plassreservasjon krevast for å vere sikker på plass.

Kjøp billett

28. mai, 2020
kl 18.00
Pris: 300,-

Opningskonsert: Fjordvake
Sveinung Bjelland // Magnus Staveland // Elin Rombo // Anders Kjellberg Nilsson // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Velkomen til stor opningkonsert i kammermusikkens teikn med Sveinung Bjelland, Magnus Staveland, Elin Rombo, Anders Kjellberg Nilsson og Ernst Simon Glaser i Ullensvang kyrkje.

Kjøp billett

28. mai, 2020
kl 20.00
Pris: 250,-

Hardingspel
Erlend O. Nødtvedt // Helge Lien // AK Teigland // Kviven Duo // Ruth Wilhelmine Meyer // Nils Henrik Asheim

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Vel møtt til vidgjetne og stemningsfulle Krossvoll med ord, soger og musikk. Bli kjent med festivalforfattar Erlend Nødtvedt i samspel med Helge Lien.

Kjøp billett

29. mai, 2020
kl 9.00
Pris: 250,-

Morgontonar på Gløyp
Kviven Duo

Konsertarena: Gløyp, Kinsarvik

Start dagen med den Kviven Duo. Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie Kvernberg med morgonkonsert i folkemusikkens teikn. Frukost inkludert i billetten!

Kjøp billett

29. mai, 2020
kl 12.00
Pris: 250,-

Blås
Sjøforsvarets musikkorps

Konsertarena: Graaten

Nærare fjorden kjem ein ikkje! Blåsarar frå Sjøforsvarets Musikkorps fyller fjorden med musikk. Eit avgrensa antal publikum får høve til ei ekstraordinær musikkoppleving.

Kjøp billett

29. mai, 2020
kl 14.00
Pris: 250,-

Diktarkjærleik
Magnus Staveland // Sveinung Bjelland

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

​Magnus Staveland og Sveinung Bjelland gjev oss ein time omkring Schumann sin “Dichterliebe” i det gjeve ungdomshuset Krossvoll.​

Kjøp billett

29. mai, 2020
kl 16.00
Pris: 250,-

Trøyst
Ruth Wilhelmine Meyer // Nils Henrik Asheim // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Kinsarvik kyrkje

Ruth Wilhemine Meyer, Nils Henrik Asheim og Ernst Simon Glaser inviterer til ein vakker time med salmar og suitar.

Kjøp billett

29. mai, 2020
kl 18.00
Pris: 475,-

Overraskingskonsert
Sjøforsvarets musikkorps // Barokksolistene // Magnus Staveland // Nordic Voices // Kviven Duo // Nils Henrik Asheim // Erlend O. Nødtvedt // Anders Kjellberg Nilsson // Tora Augestad // Ernst Simon Glaser // Elin Rombo // Helge Lien // Ruth Wilhelmine Meyer // Sveinung Bjelland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Me inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for tredje gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove.

Kjøp billett

29. mai, 2020
kl 22.00
Pris: 250,-

Barokksolistene presenterer: Den engelske ølstova
Barokksolistene

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Opplev popmusikk frå barokken i ei forrykande konsertoppleving på Krossvoll.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 9.00
Pris: 200,-

Musikalsk morgongyoga
Kristin Glück-Teigland

Konsertarena: Formannskapssalen, Ullensvang herad

Nytt på programmet i 2020! Vel møtt til den svært flotte og kunstnarisk flotte utsmykka heradstyresalen i Kinsarvik til ei aktiv morgonøkt. Ta gjerne med eiga matte!

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 12.00
Pris: 250,-

Ljos
Elin Rombo // Anders Kjellberg Nilsson

Konsertarena: Skrivargarden, Lofthus

Stjerneparet Elin Rombo og Anders Kjellberg Nilsson i samspel.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 13.00
Pris: 250,-

Kviven Duo i Bleietunet
Kviven Duo

Konsertarena: Bleietunet

Folkemusikk i det fri hjå siderkongen på Bleie!

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 14.00
Pris: 250,-

Klangbiotopar
Ruth Wilhelmine Meyer // Helge Lien // Erlend O. Nødtvedt

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Røyst, klaver og tekst i eit klangfelleskap i dei vakre lokala på Krossvoll.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 16.00
Pris: 250,-

Draum
Sveinung Bjelland // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Galleri N. Bergslien

Ei storhending i Hardanger! Sveinung Bjelland & Ernst Simon Glaser med store musikalske meistrar i dei vakre lokala på Galleri Nils Bergslien i Eidfjord.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 16.00
Pris: 250,-

Det Norske Jentekor
Det Norske Jentekor

Konsertarena: Kinsarvik kyrkje

Fantastiske jenterøyster syng norsk korlyrikk i den vakre kyrkja i Kinsarvik.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 16.00
Pris: 350,-

Sidervandring: Smaken av Hardanger!

Konsertarena: Ekspedisjonen, Lofthus sentrum

Vel møtt på den populære på sidervandringa i fruktbygda Lofthus! Me vandrar frå gard til gard og møter lokale siderprodusentar, historie, skrøner og ikkje minst sider! Litt smått å ete skal det og bli undervegs.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 19.00
Pris: 400,-

Barokkgalla
Nordic Voices // Bergen Domkor // Barokksolistene // Elin Rombo // Tora Augestad // Magnus Staveland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Ein festaftan av dei sjeldne på eit av våre hovudarrangement i storstova Fjordahallen. Bjarte Eike & Barokksolistene saman med Bergen Domkor, Nordic Voices og lokale kor lovar ein fargesprakande kveld.

Kjøp billett

30. mai, 2020
kl 22.00
Pris: 250,-

Gjertruds sigøynerorkester med vener

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Kjem taket til å lyfta seg på Krossvoll denne kvelden? Me lovar i alle fall god stemning!

Kjøp billett

31. mai, 2020
kl 12.00
Pris: 200,-

På geitevis

Konsertarena: Alvavoll

Populær familiedag på Alvavoll! To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar med nye tonar til Vinje sine gamle ord.

Kjøp billett

31. mai, 2020
kl 14.00
Pris: 300,-

Griegvitjing
Bergen Domkor // Kviven Duo

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Bergen Domkor & Kviven Duo med eit heilnorsk program.

Kjøp billett

31. mai, 2020
kl 15.15
Pris: 100,-

Klassisk kveik
Nils Henrik Asheim

Konsertarena: Ullensvang Gjesteheim

Vel møtt til klassisk kveik med kaker og kaffi på Ullensvang Gjesteheim. Ved festivalleiar Therese Birkelund Ulvo. Pris inkluderer kaker og kaffi!

Kjøp billett

31. mai, 2020
kl 17.00
Pris: 350,-

Vokalkraft
Det Norske Jentekor // Elin Rombo // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Vellyd og kraft i Tyssedal! Ei oppleving av dei sjeldne når Det Norske Jentekor, Elin Rombo & Ernst Simon Glaser i eit spanande møte.

Kjøp billett

31. mai, 2020
kl 21.00
Pris: 350,-

Oppskåka
Tora Augestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sitt musikalske preikeprogram. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile!

Kjøp billett

1. juni, 2020
kl 11.00
Pris: 300,-

Nordiske Røyster
Ruth Wilhelmine Meyer // Nils Henrik Asheim // Nordic Voices

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Det ærefulle oppdraget med å musikalsk avslutta årets festival går til Ruth Wilhelmine Meyer, Nils Henrik Asheim og Nordic Voices som byd på avslutningstonar med etterklang.

Kjøp billett

SVEVN

Svevn kan tyde søvn eller det å sove; ein medvitslaus kviletilstand når ein søv.
Det kan og tyde slummer, det ein gjer rett før ein somnar.
På grensa mellom dag og natt, idet alt faller til ro.

Det seies at om du blir 75 år vil du bruka ein tredjedel av livet ditt på å sova.
Kva skjer når me søv? Kven er me når me ikkje er vakne, når me søv, draumer, kviler og slumrar? I svevn?

Ein skulle tru at forskarane visste alt om dette. Men nei, svevnen er og blir eit gåtefullt tema.

Me vil sjå på Svevn som myte og korleis det har inspirert komponistar og kunstnarar til alle tider.  

I Stormen av William Shakespeare seier Prospero:
"We are such stuff
As dreams are made on; and our little life
Is rounded with a sleep.
Vi er av samme stoff som drømmer veves av;
og vårt lille liv er omringet av søvn"

Det er framleis usikkert kva som skjer under svevnen som gjer den til ein livsnødvendigheit, men alle dyr som er blitt forska på, døyr når dei ikkje får sove. Rotter kan ikkje gå lenger enn ca. 14 dagar utan svevn. Det er blitt antatt at hjernen under svevn kvittar seg med skadelege restar av stoffskiftet og at skadde/svekka hjerneceller blir reparert og at dagens minner blir bearbeidd og anten lagra i hukommelsen eller «forkasta». Men dette er kun ideer og det blir forska videre på temaet.

I dag har me ein idé om at 7 - 8 timers svevn om natta er normalt. Forskarfunn tyder på at at dette er eit mønster av relativt ny dato. I mellomalderen hadde dei andre svevnmønster. Den første svevnperioden byrja eit par timar etter skumring og varte i fire timar. Så var de vakne i eit par timar, før dei sov fire timar til. Vakenperioden vart brukt til toalettbesøk, lesing, skriving, bønn, sex eller til og med nabobesøk.

Kanskje blir det nattkonsertar på Musikkfesten neste år? Soloppgangskonsert? Mozart ved Morgongry? Voggeviser og stev ved solnedgang?

"Han kunne ikkje hugse han nokon gong hadde vore noko anna. Kriblinga hadde byrja nærmast ein stad inni han, som om han vart vekt frå langvarig svevn og vart gjord medviten sitt eige tilvære. Kriblinga bevega seg vidare utover og i kring han. Det skar seg ut konturar og djupe riss som til slut braut han laus."
- Leander Djønne

Me veit alle korleis me får det etter ei natt eller fleire utan god nok svevn. Sentralt i kunstnarmyta er den kreative sjela som skaper best og mest i ein tilstand av mangel på svevn, insomnia. Men er mangel på svevn bra for kreativiteten?

Marcel Proust (1871-1922) skal ha skreve mesteparten av sitt meisterverk À la recherche du temps perdu (På sporet av den tapte tid) frå sjukesenga. Boken blir rekna som hans hovudverk og vart skrive for meir enn hundre år sidan. Med På sporet av den tapte tid ville Proust formidla opplevinga av tida som flyt avgarde, opplevd innanifrå eit menneske si psyke. Han ville skildre eit menneske sitt liv gjennom forvandlingar, eg-et som stadig endrar form etter som åra går. Han var også oppteken av privilegerte augneblink som tunnelar til innsikt:

«Da livet er som en eneste stor krise, kommer øyeblikk som gjør at du føler at alt er verdt det, at livet er godt å leve». Som dei gode minna me tek med oss frå livet. Dei står fram som store skattar som er verdt å kjempa seg igjennom kvardagen for.»

Festivalen neste år vil ha eit sterkt vokalfokus med nokre av skandinavias flottaste røyster.

Det vert mange konsertar i det intime formatet og me vil halde fram med å utforske nye konsertarenaer i Hardanger.  Ingen Hardanger Musikkfest utan sterke klassiske namn og eit sterkt folkemusikkfokus. Det blir festivalpoet eller forfattar og festivalkunstar.

Konsertar som berører og tek sikte på å halda deg vaken eller vekka deg om du har somna.

Velkomen til festival i 2020 og!

Hald deg oppdatert med det siste frå Hardanger Musikkfest

Ved å melde deg på vårt nyhetsbrev, vil du med jamne mellomrom motta nyheiter knytt til Hardanger Musikkfest. Du kan når som helst melde deg av vårt nyhetsbrev ved å klikke på «meld av nyhetsbrev» nedst i kvart nyheitsbrev.

Meld deg på nyhetsbrev