Hardanger Musikkfest 2023 finn stad 31. august til 3. september 2023, og temaet er «Grøde». Veke 35 vert eit nytt og fast tidsrom for festivalen. Dette er tida der seinsommar og haust møtest, og Hardanger er midt i innhausting og foredling av frukt og bær. Dette bakteppet skapar endå meir autentiske rammer for festivalen, der lokale tradisjonar kan speglast i musikk og kultur.
Grøde er naturen si gjengjelding etter ein lang sesong med dyrking og tolmodig pleie av jord og tre, og vert feira i mange kulturar med hausttakkefestar og musikalske hyllester. Samtidig vil omgrepet Grøde omsetjast godt i musikken sin retorikk, der tradisjonar og stilartar vert frø som spirer vidare, vert hausta og foredla av nye tendensar, tider og tolkingar. Me ynskjer å planta musikkfesten i ny jord og i rammer som aktualiserar lokal forankring og ein kunstnarisk profil med blikket framover.
2023 er eit jubileumsår for mange komponistar, men istadenfor å fokusera på enkeltnamn, ynskjer me å trekkja ei tidslinje frå 250 år tilbake og fram til idag. Me dveler ved kvart femtiande år for å sjå kva milepelar og retningar som har sprunge ut frå dei aktuelle jubilantane. Parallelt følgjer me den lokale historia til dyrking av frukt i Hardanger. Bøndene byrja å pressa eple til saft på 1700-talet, og her startar også vår musikalske tidslinje.
I 1773 vart Jens Christian Djuurhus fødd, den første poeten som skreiv på Færøisk. Han fornya den gamle folkelege kjempevisediktinga, og er kjent for sine færøyske balladar, satiriske dikt og kvad. Dette er materiale som er ytterst lite tilstades i dagens kulturliv, og me ynskjer å markera hans 250-årsjubileum med å trekkja fram denne diktarkunsten i musikalsk drakt med våre festivalkunstnarar. 50 år seinere vart den spanske komponisten Edouard Lalo fødd, kjend for sine fantastiske kammermusikkverk prega av fyrrig spansk folklore. Det er også 200-årsjubileet til den norske komponisten Thomas Tellefsen, som studerte hjå Frederic Chopin og har etterlatt seg ei rekkje praktfulle kammermusikkverk. 150-årsmarkeringa vert dedikert Sergei Rachmaninoff, og hans virtuose og romantiske tonespråk. Gyorgi Ligeti ville vore 100 år i 2023, og har vore ein referansekomponist for alt som er skrive i det 20. århundre. Som 50-årsjubilantar feirar me nokre av dei nolevande komponistane - både norske og internasjonale. På denne måten får me ikkje berre profilert gallionsfigurar, men lagar ei tidsreise der jubilea visar dynamikken gjennom musikkhistoria.
Fruktbonden i Hardanger er eit eige omgrep. Det vert sagt at det finst over 1 million frukttre langs fjorden. Like vakkert som bløminga i mai er det utover seinsommaren når trea bugnar av frukt, og stemninga rundt innhausting, pressing og safting vert eit fenomen som ikkje mange stader kan skilta med. Namnet Ullensvang kjem frå Ullin, den norrøne guden for vekst og grøde. Under festivalen får både utøvarar og publikum oppleva innhausting på nært hald, i eit samfunn som er bygd rundt grøden og naturen sitt årshjul. Lokal tradisjon og kompetanse skapar ein unik atmosfære som innspirerar og fasinerar. Hardanger Musikkfest 2023 skal hausta fruktene både av lokale tradisjoner og dei retningane som musikarar og komponistar gjennom 250 år har vidareforedla.