EKKO

Festivalen i 2022 spinn kring EKKO som lydfenomen, tanke-eksperiment og refleksjon – og som mytisk skapnad. Tema vil verta belyst gjennom verk frå kammermusikklitteraturen som i særleg grad symboliserer musikken som spegel og reaksjon på store vendepunkt, i tillegg til visuell kunst, samtalar og kontrasterande musikalske uttrykk.


Ekko - eller attklang. Lyd som kastast attende frå ein vegg som er så langt vekke at øyro kan skilja «svaret» frå den opphavelege lyden. Tenk for eksempel på torevér. Den opphavelege lyden i et toreskrall er svært kortvarig, men ekko fråskyene byggjer opp den langvarige lyden. Her er mange ting å byggja vidare på, både reint konkret og metaforisk.

Et av hovedverka i programmet vert «Kvartett til tidenes ende» av Olivier Messiaen. Noko av den mest overjordisk vakre musikken frå det 20. hundreår. Messiaen hadde allereie utvikla eit svært eigenarta tonespråk då andre verdskrig braut ut. I juni 1940 vart han teken til fange av tyskarane og sendt til ein fangeleir i Görlitz. Der møtte han fleire musikarar blant fangane og fekk papir og blyant til å komponera frå ein av vaktane. Messiaen henta inspirasjon til “Kvartett til tidens ende” frå Johannes' Openberring i Bibelen. Urfremføringa fann stad 15. januar 1941, med Messiaen ved pianoet framføreeit stort publikum av fangar og vaktar. "Aldri har eg vorte lytta til med slik begeistra merksemd og forståing," sa Messiaen om opplevinga. Eit musikalsk tidsprov av eit verk. Slik er krafta i musikken. Den kan få menneska på båe sider av ein uhyrligheit til å sameinast i ei sams oppleving. Me kan høyra akkurat det same verket, framført av utøvarar i vår tid og vita at det er ei form for ekko - ei delt oppleving under heilt andre vilkår enn dei fyrste som fekk oppleva det. Musikken er likevel den same. Florian Donderer, Sharon Kam, Håvard Gimse og Tanja Tetzlaff står for fremføringa.

Den vedvarande aktualiteten i folkemusikken er også ei sterk påminning om korleis samtida vert ei lengjing av røter, eiurkjelde, og korleis imitasjon og vidareutvikling av desse formar nye referansar, nye ekko. Ljomen som folkemusikken skapar i oss, likesælt til nasjonaliteten han representerer, syner fellestrekka i oss som menneske, og er med på å fjernaavstand og byggja relasjonar. Improvisasjon og bearbeiding har alltid vore ein kunstnarleg målestokk på grad av innsikt og evne til kreativ fristilling. Denne evigaktuelle dualiteten ønskjer me å dvela ved gjennom årets tema og programmering.