Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Bouttè

Eit av dei mest lengst-levande banda i norsk musikkliv kjem til Hardanger! I over 40 år har YSJEsatt sitt preg på den norske tradjazz-scena. Dei har turnert mestaparten av verda og gitt ut heile 25 album. Gjennom åra har dei samarbeid med eit breitt spekter artistar og det lengste samarbeidet er sjølvsagt med songaren Tricia Boutté, som har vart sidan 2002.

YSJE er eit band som er påvirka av, men ikkje låst til, tradisjonell amerikansk jazz. Dei lar der være rom for personlige tolkninger og stilar, og meir opptatt av New Orleans-musikken si ande - å underhalde, glede og ha det gøy, enn det å spele heilt stilriktig. 

Tricia Bouttè frå New Orleans har fått songen inn frå fødselen av. Ho har ei rik og variert karriere i amerikansk musikkliv og har vore med på innspillinger med mellom anna Allen Toussaint, Nine Inch Nails (!), D’Angelo, Aretha Franklin, Fats Domino og Public Enemy for å nemne nokon. Heldigvis har ho og fått augene opp for YSJE og er nærmast eit fast medlem der.

YSJE og Tricia Bouttè, gjer to konsertar under Hardanger Musikkfest, ein med Hardangerkoret og ein på Krossvoll der dei inviterer til fest i NewOreleansk stil!

Bandet består av:        
Sturla Hauge Nilsen – trompet
Lars Frank – klarinett og saxofoner
Andreas Rotevatn – trombone
Einar Aarø – banjo
Morten Gunnar Larsen – piano
David Gald – tuba
Kristoffer Tokle – trommer Tricia Bouttè - vokal

Opplev Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Bouttè på Hardanger Musikkfest

8. juni, 2019
kl 19.00
Pris: 350,-

Hardangerkoret med Ytre Suløen jass-ensemble og Tricia Boutté
Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Bouttè

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Det store Hardangerkoret leia av Per Oddvar Hildre inviterer til storslått korkonsert med Tricia Bouté, Tora Augestad og Ytre Suløens Jass-ensemble. Det blir gospel og rytmisk driv, medrivande song og speleglede! Både Hardangerkoret og Ytre Suløen hadde jubileum i 2018, høvesvis 10 år og 45 år! Korleis kan eit band bestå i 45 år? Ved konstant å fornye seg sjølv, noko Ytre Suløens Jass-ensemble gjer, både m.o.t. det musikalsk repertoar og samansetnad. Bandet har medlemar frå 3 generasjonar, og reiser rundt med fleire spennande konsept. Dirigent Per Oddvar Hildre fekk i 2017 St.Olavs Orden for "sin fremragende innsats for kor og kultur." Hildre blei med dette "Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden", ei stor heidring frå Kongehuset som "belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten". Tricia Boutté er fødd i New Orleans, men no bosatt i Langevåg! Ho starta i gospelkor som ung jente og framstår som eit levande fyrverkeri på scena. Ho dansar, pratar, ler og flørtar med publikum og musikarar, og humøret er svært smittande. Samspelet mellom Hardangerkoret, Ytre Suløen Jazzensemble, Per Oddvar Hildre, Trica Boutté og vår eigen Tora Augestad blir ein festkveld av dei sjeldne!

8. juni, 2019
kl 22.00
Pris: 200,-

Bygdefest med Ytre Suløen
Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Bouttè

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Det vil venteleg svinge skikkeleg på Krossvoll når dette fyrverkeriet av eit jazzband spelar opp til bygdefest! Ytre Suløen har eit uttrykk som blandar tradisjonell amerikansk jazz med gospel og negro spirituals, med rom for personlege tolkningar og stilar. Framfor å gi ein nøyaktig gjenskaping av 20- og 30-åra spelestil, er ensemblet inspirert av New Orleans si ånd: Det vil seie at konsertane er prega av underhaldning, speleglede og å ha det gøy! Kanskje er det nettopp derfor dei har fått æresborgerskap av sjølveste jazzhovudstaden New Orleans. Ytre Suløen er, med andre ord, eit anna namn for fest!

Kjøp billett