Vertavo-kvartett

Vertavo Quartet er internasjonalt vidkjend som ei av dei mest meisterlege strykekvartettane som spelar i dag.

Øyvor Volle, fiolin
Annabelle Meare, fiolin
Berit Cardas, bratsj
Bjørg Lewis, cello

Sidan fire unge tenåringar kom saman i Noreg i 1984, gler framleis Vertavo  - rik på mogenskap og fengslande lydkvaliteten - publikum likesælt kor dei spelar.

Vertavo er truleg verdas lengstlevande kvinnelige kvartett. Øyvor, Berit og Bjørg er alle grunnleggjande medlemer og Annabelle har vore med på kvartetten dei siste ni åra. ‘Heftig arbeid og trong til å fortelja ei historie i musikk - dette er vår heilage treeining’ seier fiolinisten Berit Cardas.

Vertavo Quartet er mottakar av Grieg-prisen: den viktigaste norske kulturprisen, tildelt kunstnarar med høgast internasjonal status. Kammermusikkfestivalen Vertavofestivalen i Noreg, har vore ei årleg feiring av arbeidet deira som strykekvartett og som kammermusikarar sidan 2016.

På slutten av 2019 kuraterte Vertavo Quartet eit prosjekt kalla Absolutt Haydn! Saman med 15 andre strykekvartettar framførte dei alle Haydn sine strykekvartettar på Sentralen i Oslo på 28 timer. Det var ei unik feiring prega av stort engasjement, raushet og fortreffelegheit.

Opplev Vertavo-kvartett på Hardanger Musikkfest

7. nov., 2021
kl 16.00
Pris: 300,-

Griegvitjing
Marianna Shirinyan // Ernst Simon Glaser // Vertavo-kvartett

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Marianna Shirinyan, Ernst Simon Glaser og Vertavo i heilnorsk program.