Unni Løvlid

“Ein totalt grenselaus songar som er i stand til å setta si farge på kva det skal vere!”

Unni Løvlid frå Hornindal er fyrste amanuensis i folkesong ved Norges musikkhøgskole, og leiar av folkemusikkstudiet. Ho har gjeve ut fleire soloalbum som So ro liten tull, VITA, RITE, LUX og HYMN. Unni er kjend for å gå inn i eit breidt spekter av kunstnariske samarbeid, gjerne mot samtidsmusikk, men kjernen er alltid folkemusikken. Siste åra har ho samarbeidd mykje med Marianne Baudouin Lie, der dei saman utforskar ulik tonalitet, og haldning inn til tonalitet frå eit musikarperspektiv. På Hardanger Musikkfest vil me mellom anna få oppleva ho i samspel med UNAMNA, på skulekonsertar og i seine timar på festivalpuben. Unni Løvlid gjesta førre gong Hardanger Musikkfest i 2014.

Opplev Unni Løvlid på Hardanger Musikkfest

31. aug., 2023
kl 20.00
Pris: 350,-

Klassisk Kveik
Therese Birkelund Ulvo // Christopher Park // Små Grå // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Andreas Brantelid // Kouame Sereba // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sine mange freistingar vert presentert i ord og musikk. Denne kvelden får du den perfekte introduksjonen til artistane. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den fyrste festivalkvelden med tradisjonsmat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Dette er poplære oppskåka i ny drakt. Vertskap: Therese Birkelund Ulvo. Hakkasteik inkl. i billetten.

1. sep., 2023
kl 8.00
Pris: 250,-

Morgontonar
Hanna Kallestad // Unni Løvlid

Konsertarena: Gløyp, Kinsarvik

Musikalsk frukost med folkesongar Unni Løvlid og fiolinist Hanna Kallestad. Servering frå Gløyp inkludert.

Kjøp billett

1. sep., 2023
kl 21.00
Pris: 150,-

Festivalkviss på Lofthus Ekspedisjon
Hanna Kallestad // Birgitta Elisa Oftestad // Unni Løvlid // Små Grå

Konsertarena: Lofthus Ekspedisjon

Uformell og variert kviss med musikalske overraskingar! Kvissleiing: Karl Ystanes og Anna Gursli Langesæter

Kjøp billett

2. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 275,-

Unamna
Anne Hytta // Unni Løvlid // Ingfrid Breie Nyhus

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Unni Løvlid (vokal), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (piano, harmonium) gjer sine versjonar av Edvard Grieg sine 9 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Tradisjonelt, nyskapande og friskt, frå tre av dei mest spanande musikarane me har innan folkemusikken.

Kjøp billett

2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert: GRØDE
Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Mari Eriksmoen // Ingfrid Breie Nyhus // Unni Løvlid // Anne Hytta // Andreas Brantelid // Christopher Park // Små Grå // Hanna Kallestad // Therese Birkelund Ulvo // Henrik Horge // Ola Kvernberg // Stian Carstensen // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.

Kjøp billett

3. sep., 2023
kl 15.00
Pris: 375,-

Avslutningskonsert i Kraftkatedralen
Mari Eriksmoen // Kouame Sereba // Birgitta Elisa Oftestad // Unni Løvlid // Anne Hytta // Hanna Kallestad

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Festivalen vert avslutta med noko av det vakraste frå kammermusikkrepertoaret ispedd heilt nye kombinasjonar. Ein konsert som vil gje gjenklang heilt til neste års festival. Til å setja årets musikalske punktum: multiinstrumentalist Kouame Sereba, sopran Mari Eriksmoen, cellist Birgitta Oftestad, kvedar Unni Løvlid og hardingfelespelar Anne Hytta.

Kjøp billett