Ullensvang skulemusikklag

Austsida sitt eige skulemusikklag!

Ullensvang skulemusikklag er eit tradisjonsrikt janitsjarkorps som vart skipa i 1925. Korpset rekrutterer born og unge frå austsida i gamle Ullensvang herad, og har i dag medlemmer frå Sekse i sør til Bu i nord. I dag har korpset 21 medlemmer i alderen 11-17 år. Dirigent Ragnhild Opedal Tveit har sjølv spelt i korpset, før ho utdanna seg til musikar/pianist. I 2016 flytta Ragnhild tilbake til Lofthus og har sidan 2018 leia Ullensvang skulemusikklag med ei stødig hand.

Opplev Ullensvang skulemusikklag på Hardanger Musikkfest

1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-

Musikalsk Grøde
Craig Farr // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Ingfrid Breie Nyhus // Anne Hytta // Anita Solheim Bråvoll // Strusshamn skoles musikklag // Ullensvang Leikarring // Ullensvang skulemusikklag

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).