Ullensvang Leikarring

Lokale dansarar fra 6 til 13 år!

Ullensvang leikarring starta opp i 2014. Per i dag er det 20 born i leikarringen frå 1. - 7. klasse. Dei øver på ulike folkedansar, samt har og mykje leik og morro til musikk på danseøvingane. Leikarringen er med og dansar på 17. mai og på den årlege basaren til Ullensvang skulemusikklag. Ved oppstart i 2014 var Per Nordnes med som instruktør saman med Tone Ekkje. No er det Tone Ekkje og Kjersti Lund Midtun som er danseinstruktørar. Med seg som fast speledame har dei Anita Solheim Bråvoll på toradar.

Opplev Ullensvang Leikarring på Hardanger Musikkfest

1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-

Musikalsk Grøde
Craig Farr // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Ingfrid Breie Nyhus // Anne Hytta // Anita Solheim Bråvoll // Strusshamn skoles musikklag // Ullensvang Leikarring // Ullensvang skulemusikklag

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).