Torkjell Børsheim

Bonde, dyrlækjar og folkedansar frå Ulvik i Hardanger.

Han har dansa aktivt sidan 1996 og i nasjonale tevlingar sidan 2000 parallelt med langrenn på nasjonalt nivå. Han har vore tilknytt dansekompaniet Frikar i ei årrekkje under leiing av Hallgrim Hansegård med vidkjende produksjonar i innland og utland, som «KRUK!», «MJØLK», «Snuff Grinders». Han var også på scena Då Alexander Rybak vann Eurovision Song Contest i 2009. Torkjell har også kombinert dans med skodespel i «Fossegrimen» ved Det Norske Teatret, «Kong Nor» og «Den Eventyrlege Peer Gynt», familieframsyning med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen. Samt reindyrka dansen i dansekompaniet Villniss. Torkjell har ei rekkje topplasseringar i Halling kl. A på Landskappleiken, sist 1. plass i Vågå i 2019. I tillegg feirar han fyrsteslåtten i hus med ein årleg og populær silodans – skodd med solide florsstøvlar

Opplev Torkjell Børsheim på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2021
kl 18.00
Pris: 300,-

Tradisjon og draumar
Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Thorsten Johanns // Vertavo-kvartett // Kviven Duo

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Velkomen til opningskonsert med ritar og kammermusikk.

5. nov., 2021
kl 19.00
Pris: 350,-

Vårofferet
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen // Christian Ihle Hadland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

Kjøp billett

6. nov., 2021
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med ritar og hesjestreng
Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Eirik Raude // Gjertruds Sigøynerorkester // Anna-Maria Hefele // Sinikka Langeland // Thorsten Johanns // Vertavo-kvartett // Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad // Marianna Shirinyan // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Lokale tradisjonar i ny drakt med festivalen sine eigne artistar.

Kjøp billett

7. nov., 2021
kl 18.00
Pris: 350,-

Oppskåka
Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Eirik Raude // Anna-Maria Hefele // Sinikka Langeland // Thorsten Johanns // Vertavo-kvartett // Are L. Kolbeinsen og Gyrid N. Kaldestad // Marianna Shirinyan // Ernst Simon Glaser

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sitt eige musikalske prateprogram.

Kjøp billett