Tora Augestad

Tora Augestad, mezzosopran Tora Augestad si allsidigheit inspirerer komponistar, regissørar, dirigentar og andre musikarar. Vokalt let ho seg vanskeleg setja i bås – som utøvar er ho fleksibel, uttrykksfull, presis, scenisk overbevisande og med ein uvanleg personlegdom. Augestad vier seg til repertoar frå det 20. og 21. århundre og meistrar eit stort spenn av uttrykk. Ho tingar jamleg nye verk, bla. ein kammeropera som hadde premiere under Festspillene i Bergen i 2015. Sidan 2010 har Augestad samarbeida med den sveitsiske regissøren Christoph Marthaler i musikkteatrale prosjekter som spenner frå opera til leikne kombinasjonar av klassisk, jazz, pop og cabaret i Marthaler sitt eige arbeid. Augestad har sunge med ensemble som Bergen og Oslo-Filharmonien, Ensemble Modern og Klangforum Wien. Ho er fødd i Bergen i 1979 og studerte klassisk musikk og jazz i Oslo og Stockholm før ho avla eksamen i kabaretsong ved Norges Musikkhøgskole. I 2004 etablerte ho ensemblet Music for a while med eit stjernelag av norske jazzmusikarar. Ho arbeidder tett med Trygve Seim; hans Rumi Songs er skrivne for henne. Tora Augestad er ein av to kunstnariske leiarar for Hardanger Musikkfest. Augestad vart nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2015. 
Hausten 2018 kommer ein portrettplate med Augestad og Oslofilharmonien ut.

Opplev Tora Augestad på Hardanger Musikkfest

8. juni, 2019
kl 12.00
Pris: 250,-

Maria Tryti Vennerød Portrett
Eir Inderhaug // Kristin Skaare // Mats Eilertsen // Tora Augestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

med Maria Tryti Vennerød (tekst), Eir Inderhaug (sopran), Tora Augestad (mezzosopran), Kristin Skaare (klaver/accordeon), Mats Eilertsen (bass)

8. juni, 2019
kl 14.00
Pris: 200,-

Maria Tryti Vennerød Portrett
Eir Inderhaug // Kristin Skaare // Mats Eilertsen // Tora Augestad

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

med Maria Tryti Vennerød (tekst), Eir Inderhaug (sopran), Tora Augestad (mezzosopran), Kristin Skaare (klaver/accordeon), Mats Eilertsen (bass)

Kjøp billett