Tom Karlsrud

Tom Karlsrud frå Aurland er den einaste distriktsmusikaren i Noreg på trekkspel.

Utdanna ved Noregs Musikhøgskule, flytta Karlsrud til Lærdal kor han jobba som lærar på musikkskulen fram til han i 1994 flytta til Aurland. I 1983 medan han framleis gjekk på høgskulen, starta han å spela saman med Georg Reiss. Duoen spelte mellom anna jiddisk- og sigøyner folkemusikk. Noko som blant anna har resultert i plata Streif frå 1996. Han spelar mykje med spelemannen Håkon Høgemo.