Tine Thing Helseth

Tine Thing Helseth har etablert seg som ein av verdas leiande trompetister, kritikerrost for sin unike klang og særeigne musikalske røyst. Som omreisande solist gjestar ho jamnleg leiande orkester og konserthus over heile verda. Hun er ein musikar som også utforskar og utfordrar sjangergrensene.

I 2007 ga Tine ut debutalbumet sitt, som ho mottok Spellemannprisen "Årets nykommer» for, og som av Aftenposten ble utnemnt til Årets klassiske album.

Hennar andre album frå 2009, Mitt hjerte alltid vanker, selde til gullplate etter berre tre veker. Albumet Storyteller fyglde i 2011 som det fyrste av i alt fire album utgjeve på EMI. I 2013 gav ho ut det selvtitulerte albumet TINE. Denne utgjevinga vart nominert til Classic Brit Awards og vann pris under Echo Klassisk Awards i Tyskland.

I august 2017 feira Tine 30-årsdagen sin med ein storslagen bursdagskonsert i Operaen og utgjeving av nytt album, Never Going Back. Her viser Tine ein ny og til no ukjent side av seg sjølv: som ein stilsikker singer-songwriter.

Tine har stått for urframføringa av mange trompetkonsertar, mellom anna Trumpet Concerto av Bent Sørensen og Chute d'Ètoiles av Mathias Pintscher, sistnemnte med premiere i Londons Royal Albert Hall under BBC Proms.

Forutan solistkarriera er Tine svært aktiv. I juni 2013 lanserte ho festivalen tine@munch på Munchmuseet i Oslo. Hun stod sjølv som kunstnerisk leiar, og trakk ei rekkje store klassiske utøvarar frå heile verda til festivalen. I 2019 vart Tine ein del av kunstnerisk råd i Risør Kammermusikkfestival.

Tine er i tillegg kunstnerisk leiar i tenThing, et brassensemble bestående av ti jenter som møttest i studietida, som turnerer både Europa, USA og Asia. Tine Thing Helseth Quintet (TTHQ) er eit band med filosofien «God musikk er god musikk, uansett sjanger».

I 2016 vart Tine professor ved Norges Musikkhøgskole.

Ho har også vore programleiar i NRK, både på radio og TV. 

Opplev Tine Thing Helseth på Hardanger Musikkfest

30. okt., 2020
kl 18.00
Pris: 300,-

Opningskonsert: Fjordvake
Sveinung Bjelland // Magnus Staveland // Nils Henrik Asheim // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Velkomen til stor opningkonsert i kammermusikkens teikn med Sveinung Bjelland, Magnus Staveland, Berit Norbakken, Tine Thing Helseth og Nils Henrik Asheim i Ullensvang kyrkje.

31. okt., 2020
kl 12.00
Pris: 250,-

Ljos
Sveinung Bjelland // Ruth Wilhelmine Meyer // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth // Nils Henrik Asheim

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Lysande kammermusikk i haustmørket med Berit Norbakken, Tine Thing Helseth, Sveinung Bjelland og Nils Henrik Asheim på podiet.

Kjøp billett

1. nov., 2020
kl 15.00
Pris: 350,-

Barokkraft
Barokksolistene // Magnus Staveland // Tora Augestad // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth

Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal

Vellyd og kraft i Tyssedal! Ei fargesprakende storhending i Kraftkatedralen! Bjarte Eike og Barokksolistene toppar laget med Berit Norbakken, Magnus Staveland, Tine Thing Helseth og Tora Augestad.

Kjøp billett

1. nov., 2020
kl 20.00
Pris: 350,-

Oppskåka
Tora Augestad // Berit Norbakken // Tine Thing Helseth // Alexander Røynstrand // Erlend O. Nødtvedt // Helge Lien // Magnus Staveland // Nils Henrik Asheim // Sveinung Bjelland // Ruth Wilhelmine Meyer

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Festivalen sitt musikalske preikeprogram. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile!

Kjøp billett