Therese Birkelund Ulvo

Kunstnerisk leiar

Therese Birkelund Ulvo har vore involvert i Hardanger Musikkfest i ulike roller sidan 1999, og overtok i 2014 den kunstnariske leiinga saman med Tora Augestad. Ulvo har som komponist utmerka seg i dei større formata dei siste åra, og er ei av få norske komponistar i sin generasjon som jamnleg får framført eigne verk hjå dei store norske orkestera. Musikken er ofte inspirert av andre kunstfelt, som film, tekst og lydkunst. Ho har eit nært forhold til norsk tradisjonsmusikk, kor ein kan finna både det mikrotonale, det rapsodiske og opne former. Musikken hennar vert mykje framført, i inn- og utland.

I tillegg til virket som komponist har ho mellom anna mange verv og roller i kulturlivet, mellom anna som plateprodusent.

Ulvo var Rikskonsertenes intro-komponist 2011–2013. I 2015 mottok Ulvo De Unges Lindemanpris, utvald av komponist Cecilie Ore. I internasjonale Rostrum for komponistar i Wrocław, Polen, i 2016, vart Therese Birkelund Ulvo sitt verk Shadows and Shields tildelt utmerkinga Recommended Works i den generelle kategorien kor elleve verk frå heile Europa vart tilrådd for radiospeling i mønstringa sine 30 deltakarland. I oktober 2017 vart Ulvo den fyrste av i alt seks komponistar som vart utvald til å vera del av KUPP, eit utviklings og nettverksprogram for unge, lovande komponistar. i 2019 var Ulvo festivalsjef for Nordic Music Days i Bodø.

Opplev Therese Birkelund Ulvo på Hardanger Musikkfest

3. nov., 2022
kl 20.00
Pris: 350,-

Klassisk Kveik
Therese Birkelund Ulvo // Gunilla Süssmann

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Oppskåka i ny drakt. Festivalen sine mange freistingar presentert i ord og musikk, med kunstnariske leiarar og årets artistar. Lun stemning, og Lofthus ekspedisjon har open bar. Lett servering inkludert i prisen.

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

Kjøp billett