Ein tydeleg aktør og pådrivar innan samtidsfeltet
Terjungensemble etablerar seg no på musikkscena som eit kammerorkester med ein markert samtidsprofil, og har kontinuerlig sidan oppstarten i 2019 bidratt til framveksten av ny musikk ved å vera ein aktiv samarbeidspartnar for komponistar. Musikarane i ensemblet består av frilansarar og utøvarar fra Oslofilharmonien. Dei har urfremført bestillingsverk av Ørjan Matre, Agnes Petterson, Herman Vogt og Tyler Futrell, og skal i løpet av 22/23-sesongen samarbeida med komponistane Jon Øivind Ness, Jan Erik Mikalsen og Martin Ødegaard.
Ensemblet sin kunstnariske leiar, Lars-Erik ter Jung, har omfattande erfaring som fiolinist og dirigent. Gjennom arbeid med ulike ensembler har ter Jung fått brei leiarerfaring både kunstnerisk og administrativt. Han har markert seg innan samtidsfeltet gjennom ei rekkje bestillingar og eit utstrakt samarbeid med mange komponistar, og arbeidet med ny norsk musikk gjennom mange år har resultert i ei rekkje urfremføringar og innspelingar.
Terjungensemble gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
Ensemblet er støtta av Kulturrådet - Norsk Kulturfond
5. nov., 2022
kl 14.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
To verk over hymna til jomfru Maria, skrive med 286 års mellomrom. Pergolesi og Futrell vert tolka av Terjungensemble, Silje Aker Johnsen og Mari Askvik. Rystande vakker musikk. Konserten og ensemblet er støtta av Kulturrådet - Norsk Kulturfond
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.
6. nov., 2022
kl 15.00
Pris: 375,-
Konsertarena: Kraftkatedralen, Turbinhallen, Tyssedal
Ei verdig avslutning på ekkoet med Det Norske Jentekor, Terjungensemble, Karl Seglem og Erlend Apneseth.