Ei av vår tids mest ettertrakta cellistar
Tanja Tetzlaffs er kjent for sine raffinerte og elegante tolkingar både som solist og kammermusikar. Ho er kjend for eit breidt og variert repertoar, og leitar alltid etter nye konsert-konsept som går utanom konvensjonar og sameinar ulike kunstformer med samtidas dagsorden. Ho er like heime i standardrepertoaret som verk fra vårt eige århundre, og har fremført cello-konsertar av John Casken, Lutoslawski, Jörg Widmann og Bernd Alois Zimmermann. Gjennom si lysande karriere har ho vore solist med verdas leiande orkester, og vert regelmessig invitert til internasjonale festivalar. Ho er ei av grunnleggjarane av Tetzlaff Quartet, der ho spelar saman med bror sin, Christian Tetzlaff.
I 2021 mottok Tanja Tetzlaff eit prestisjetungt stipend frå Glenn Gould-stiftinga i Weimar for å skapa ein film som relaterer Bachs cello-suiter til naturen og klima-endringane, eit tema ho er svært engasjert i, bl.a gjennom samarbeid med firmaet «Arktik». Filmen står ferdig våren 2023. Ved sida av sin solist-karriere er Tanja professor i cello ved Musikkhøyskolen i Hamburg. Ho spelar på ein cello laget av Giovanni Baptista Guadagnanini fra 1776.
Tanja Tetzlaff gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
3. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Høgtideleg opning med kammermusikk i ekkoet si ånd. Håvard Gimse, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam, Florian Donderer og Oslo Strykekvartett byr på musikk av Pärt, Shaw, Asheim (urfremføring) og Brahms.
4. nov., 2022
kl 22.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Stjernemusikarane Florian Donderer, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam og Håvard Gimse spelar det vakraste verket i verda.
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.
6. nov., 2022
kl 12.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Silje Aker Johnsen, Håvard Gimse, Florian Donderer, Sharon Kam og Tanja Tetzlaff i et heilnorsk kammermusikalsk program. Sigurd Sandmo, tidlegare direktør på Troldhaugen, er vertskap.