Sverre Barratt-Due

Den svært ettertrakta kammermusikaren Sverre Barratt-Due er cellist i Edvard Munch Ensemble. Han har ein varme, glødande klang i instrumentet som utgjer grunnmuren alle ensembler trenger. Under rettleiing av Truls Mørk er han no ein av de mest spannande cellistene vi har her i nord.

Opplev Sverre Barratt-Due på Hardanger Musikkfest

6. juni, 2019
kl 22.00
Pris: 250,-

Vandringstimen m/Edvard Munch Ensemble
Edvard Munch Ensemble // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann // Arvid Resare

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Få ting ikring oss er like myteomspunne som månen. Den påverker dagane, nettene, fuglane, havet og våre kjensleliv. Edvard Munch Ensemble tar oss med på ei musikalsk reise til månen sitt spanande og ukjende landskap. Frå Debussy si djupaste smerte gjennom Mozart si dansande glede, Prokofiev si stille leiting i det mystiske og til Brahms sine søvndyssande voggeviser. Gjennom alt frå soloverk til klaverkvintett skapar ensemblet ei musikalsk reise som saman med kjende kunstverk og tankevekkjande poesi tek oss gjennom månen sitt lunefulle landskap.

7. juni, 2019
kl 12.00
Pris: 250,-

Fjordspel med "Edvard Munch Kvartett"
Sverre Barratt-Due // Victoria Puttermann // Guro Kleven Hagen // Arvid Resare

Konsertarena: Graaten

Nærare fjorden kjem ein ikkje! Opplev kvartett frå Edvard Munch Ensemble med Prokofiev sonate for to fiolinar, Gubaidulina Stryketrio og Debussy strykekvartett. Det vart opna landhandel i Graaten 1894 og stoppestad for dampskip i 1899. I kjellaren er det eit gammalt saftpresseri kor dei den eine hausten pressa 19 000 liter for hand. Det renn ein bekk gjennom huset som vart nytta til å drive turbinanlegget. I dag er det både overnatting og eit unikt konsertlokale - dessutan er det heimen til Therese Bakke og hennar familie!

Kjøp billett

7. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med Sjøforsvarets musikkorps
Sjøforsvarets musikkorps // Eir Inderhaug // Edvard Munch Ensemble // Joachim Carr // Nils Økland // Amalie Stalheim // Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Maria Tryti Vennerød // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Vi inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for andre gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove. Med Sjøforsvarets musikkorps i ryggen gjestar festivalartistane scenen i ein konsert som garantert blir forrykende og flott. Ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad! Solistar: Joachim Carr, Guro Kleven Hagen, Tora Augestad, Amalie Stalheim, Eir Inderhaug med fleire Konferansier: Alf Magnus Reistad Dirigent: Ingar Bergby

Kjøp billett

8. juni, 2019
kl 15.00
Pris: 200,-

Konsert i Bleietunet
Sverre Barratt-Due // Victoria Puttermann // Guro Kleven Hagen // Arvid Resare

Konsertarena: Bleietunet

Kammermusikk i det fri! Når dagane vert korte og gulskjæret kjem i lia, er epla klare til hausting. Olav Bleie plukkar dei varleg ned når dei er søte nok og pressar dei til eplemost. Mosten fyller han i store ståltankar i lag med ein tanke sukker og gjær. Når gjæringa har kome godt i gang set han temperaturen ned og ventar spent i nokre månader. Slik får sideren utvikla seg sakte men sikkert, medan han held på den friske eplearomaen. Til våren når alle sidertankane er utgjæra kallar han saman gode vener med gode ganar, og dei smakar seg fram til ei blanding som er balansert mellom det søte og sure, det fruktige og den friske angen. I år inviterer vi dei same venene, og endå fleire, til å dele ein musikalsk meny kor samansetnaden mellom det søte og det friske, mellom norsk og østerriksk musikk er godt balansert! Musikk av Brustad, Berg og Mozart

Kjøp billett

9. juni, 2019
kl 14.00
Pris: 300,-

Griegvitjing m/Edvard Munch Ensemble
Edvard Munch Ensemble // Craig Farr // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann // Arvid Resare

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Ein konsert med berre norsk musikk. Av Grieg får me orginalversjonen av Holbergsuiten for klaver, og cellosonaten. Vakre melodiar og lidenskapelege kjensler pregar begge verk. Det vert ei forrykande reise gjennom vill og vakker norsk natur. Praktfull musikk og trolsk stemning. Me skal også få ein rykande fersk urframføring; "Paper Cage (at the centre of it all)", av Craig Farr. I dette verket tar komponisten for seg sine assosiasjoner til hardingfela. Det foregår ei vandring der både musikalske motiv og energi forflyttar seg rundt i ensemblet. Farr ønskte å utfordre dei klassiske musikarane i ensemblet på energiske rytmer, friksjon og råskap, som ein finn i folkemusikken; samstundes skal verket fungere i deira eige repertoar og kammermusikalske profil. Sidan oppstarten i 2015 har Edvard Munch Ensemble klart å etablere seg blant dei mest spennande kammermusikkensembla i landet . Ensemblet består av nokre av dei råaste unge klassiske utøvarane i Noreg.

Kjøp billett

10. juni, 2019
kl 11.00
Pris: 300,-

Overtonar
Joachim Carr // Eir Inderhaug // Amalie Stalheim // Sverre Barratt-Due // Victoria Puttermann // Thormod Rønning Kvam // Arvid Resare

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Musikk av 4 viktige kvinner. Fanny Mendelssohn-Hensel viste tidleg musikalsk talent og byrja skrive musikk. Ho blei hemma av si tid sine holdningar til kvinner, holdninger som åpenbart også hennar far og bror (Felix Mendelssohn) delte. I ei tid då kvinner, med mindre dei var songarar, nesten aldri opptrådde offentleg, og heller ikkje komponerte - gjorde Clara Schumann begge delar. Kaija Saariaho er ein av vår tids store komponistprofilar. Den finske komponisten er kjend for å skape rørande, nesten fysiske verk med skimrande, tette klangbilete som gjennomgår stadige forvandlingar. At ein amerikansk jazzkomponist som Maria Schneider skriv fantastisk musikk for sopransolist og klassiske musikarar er ikkje så rart som ein kanskje tenkjer. Arven frå den europeiske kunstmusikken er ein av jazzens byggesteinar, og linja frå Duke Ellington til Maria Schneider sin mentor, Gil Evans, er ikkje lang.

Kjøp billett