Strusshamn skoles musikklag

Gjestekorps frå Askøy!

Strusshamn skoles musikklag var det fyrste barnekorpset på Askøy og vart stifta 1. februar 1950. Korpset som fekk namnet Strusshamn Guttekorps, vart starta på initiativ frå medlemmer i Strusshamn Musikkforening. I 1964 fekk korpset namnet Strusshamn skoles musikklag. Korpset er eit Janitsjarkorps og har eigen drilltropp. Hovudkorpset tel i dag 26 medlemmer i alderen 11-18 år. Dirigent er Jann Werner Webermann.

Opplev Strusshamn skoles musikklag på Hardanger Musikkfest

1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-

Musikalsk Grøde
Craig Farr // Owen Weaver // Håkon Skjæret // Ingfrid Breie Nyhus // Anne Hytta // Anita Solheim Bråvoll // Strusshamn skoles musikklag // Ullensvang Leikarring // Ullensvang skulemusikklag

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Dette er konserten som struttar av musikalsk skaparkraft og musikkglede! Anne Hytta og Ingrid Breie Nyhus møter lokal leikarring og durspel i ei folkemusikkavdeling med spenn frå solo slåttespel etter gamalt, til nyskrivne og personlege tolkingar av folkmusikk på klaver. Ullensvang Skulemusikklag, Strusshamn Skoles Musikklag og skuleelevar frå Opedal Skule har hatt ei aktiv rolle i komponeringa av kveldens siste verk. Saman med komponist Craig Farr, har dei delteke i utforminga «Vasskaninen og jakta på lyden». Med seg på laget: perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra BIT20 Ensemble. Vinnaren av Veslefrikkprisen 2023 - 5. klasse ved Opedal Skule under leiinga av Randi Johannesen - framfører vinnarverket "Lyden av Hardanger". Verket er inspirert av heimstaden og alt det vakre i Hardanger. (Gratis inngang under 18 år).