Ein av verdas fremre multi-instrumentalistar
Stian Carstensen trakterar bl.a trekkspel, gitar, banjo, sekkepipe, bulgarsk fløyte, pedal steel gitar, fiolin og leirgjøk. Stian Carstensen er kanskje mest kjend frå bandet Farmers Market, men har også markert seg som soloartist, solist og konferansier. Repertoaret består av ein miks av heimelaga og importerte musikalske element med hovudvekt på jazz, balkansk folkemusikk, bluegrass, country og klassisk musikk. Han går heller ikkje av vegen for å hamra saman humoristiske viser - gjerne på Eidsvollsdialekt, og praktiserer improvisert verbalhumor av ypperste merke på scena. Musikalsk brådikting over forslag frå publikum er eit varemerke. Stian Carstensen gjestar Hardanger Musikkfest for tredje gong.
2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.
2. sep., 2023
kl 22.00
Pris: 350,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Stian Carstensen og Ola Kvernberg lovar ein forrykande kveld på Krossvoll. Dei to eksperimenterer med kva som hender når ein puttar alt i ei og same gryte, frå jazz og klassisk, blues og bluegrass til engelsk pop og balkanrytmer. Duoen går heller ikkje av vegen for å improvisera over forslag frå publikum i god, sosialdemokratisk ånd!
3. sep., 2023
kl 11.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Med Halve Plutselig Barneteater, Små Grå og Stian Carstensen. Publikum vert invitert til å koma med forslag og innspel undervegs, som påverkar handlinga på scena. Artistane improviserer fram ei morosam teaterførestilling med lattergaranti!