Stephan Meidell

Gitarist og komponist som tek i bruk elektroniske verkemiddel på heilt nye måtar.

Stephan Meidell er blant anna kjent for sine kritikarroste utgjevingar «Metrics» (Hubro 2017) og «Cycles & Causality»(Ideophone 2021), der instrumentariumet frå blant annea barokkmusikk og folkemusikk møter nymusikalske klangteksturar og repeterande rytmar frå klubbmusikken. Meidell har vore ein vesentleg bidragsytar på 18 utgjevingar, og har skrive bestillingsverk for blant anna EKKO-festivalen, Ultima og nyMusikk. Han har blitt nominert til og har motteke fleire prisar med Erlend Apneseth Trio og Strings & Timpani, og er for tida i gong med doktorgradsprosjektet«Lydstrømmer~» ved Fakultetet for Kunst, Musikk og Design i Bergen.

Stephan Meidell gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Stephan Meidell på Hardanger Musikkfest

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

6. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-

Sølepytten - for familien
Fredrik Rysjedal // Karin Nakagawa // Øyvind Hegg-Lunde // Stephan Meidell

Konsertarena: Lofthus, Hotel Ullensvang

Teikneforestilling med Fredrik Rysjedal. Opplev den mystiske sølepytten i det den vert teikna fram på storskjerm. Musikalsk fylgje av Karin Nakagawa, Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidel. Passar for heile familien. Hotel Ullensvang tilbyr familiepakke på bading og lunsj i etterkant av arrangementet.

Kjøp billett