Sjøforsvarets musikkorps

Sjøforsvarets musikkorps har aner tilbake til 1500-talet og er flaggskipet for den store korpsrørsla på vestlandet. Korpset har 27 profesjonelle musikarar, og har ei musikalsk bredde som strekker seg frå rock til samtidsmusikk.

Kunstnarisk har Sjøforsvarets musikkorps vore gjennom ei rivande utvikling dei siste åra og korpset er no fast på programmet i Borealis og BrassWind i Bergen og står stadig for nye urframføringar, og er eit av ensembla i Noreg som verkeleg løftar fram ny norsk musikk.

På Hardanger Musikkfest er Sjøforsvarets musikkorps husband for den tradisjonsrike overraskingskonserten  i Fjordahallen der dei opptrer saman med utøvarar som Eir Inderhaug, Benedicte Maurseth, Thormod Rønning, Amalie Stalheim, Nils Økland, Guro Kleve Hagen, Tora Augestad, Håkon Stene, Mads Eilertsen med fleire. Det er berre å gleda seg.

Opplev Sjøforsvarets musikkorps på Hardanger Musikkfest

7. juni, 2019
kl 18.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert med Sjøforsvarets musikkorps
Sjøforsvarets musikkorps // Eir Inderhaug // Edvard Munch Ensemble // Joachim Carr // Nils Økland // Amalie Stalheim // Håkon Stene // Benedicte Maurseth // Mats Eilertsen // Maria Tryti Vennerød // Guro Kleven Hagen // Sverre Barratt-Due // Thormod Rønning Kvam // Victoria Puttermann

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Vi inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for andre gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove. Med Sjøforsvarets musikkorps i ryggen gjestar festivalartistane scenen i ein konsert som garantert blir forrykende og flott. Ein festaftan med høgdepunkt på rekkje og rad! Solistar: Joachim Carr, Guro Kleven Hagen, Tora Augestad, Amalie Stalheim, Eir Inderhaug med fleire Konferansier: Alf Magnus Reistad Dirigent: Ingar Bergby