Sinikka Langeland

Sinikka Langeland (f. 1961) er ein av vår tids mest markante musikarar.

Gjennom forskning, gjenforteljing og komponering har ho gjeve kulturen på Finnskogen ein heilt ny profil. Ho spelar det finske nasjonalinstrumentet kantele, men er og ein svært vidgjeten folkesongar som også utfordrar seg sjølv innan improvisasjon i møte med nokon av Nordens mest anerkjente jazzmusikarar eller i møte med klassiske musikarar i prosjektet "Folketoner og Bach”.  Ho har turnert både som soloartist og med ensemblet sitt i Japan, India, USA og framført musikken i Europa på festivalar som London Jazzfestival, Festspela i Berlin, Holland Festival, Molde Jazzfestival, Timisoara jazzfestival, mfl. og sist, men ikkje minst under Finnskogutstillingen og på Finnskogdagene.  

Til Hardanger Musikkfest kjem ho med musikk frå soloprosjektet «Wolf Rune», som vert sloppe på plateselskapet ECM i april 2021, samt utdrag av verka «Sauna Cathedral» og «Sanervatar» begge musikk med djup tilknytning til tradisjonar og mytar på Finnskogen.

Opplev Sinikka Langeland på Hardanger Musikkfest

6. nov., 2021
kl 14.00
Pris: 250,-

Runesong frå skogen
Sinikka Langeland

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Salmar, sjamanistiske runesongar og tradisjonelle dansar frå Sinikka Langeland sin poetiske tonevev.