Silje Aker Johnsen

Sopran, dansar og scenekunstnar.

Silje Aker Johnsen har ein PhD frå Operahøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo med prosjektet “En søken etter en utvidet fysisk tolkning av vokal samtidsmusikk og av opera”. Ho er dessutan utdanna ved Griegakademiet i Bergen, Universität der Künste, Berlin, og har en mastergrad i klassisk song fra Norges Musikkhøgskole, Oslo. 

Hausten 2017 mottok ho strålande kritikkar for si tolking av rolla som Malin i operaen Ballerina av Synne Schouen ved DNO&B. I 2018 framførte ho soloframsyninga HER av Erik Dæhlin og Silje Aker Johnsen på Den Norske Opera & Ballett, samt tidlegare gjesta huset i sceniske konsertar som Ørets teater av Henrik Hellstenius og i kammeroperaen Simon av Gerhard Stabler og 5. Rad produksjoner/DNO&B. 

Ho har tolka roller som Io i The Io Passion av Harrison Birthwistle med Berliner Kammeroper i Konzerthaus Berlin og den kvinnelige hovudrolla i A Gentle Spirit av John Tavener med same kompani. Silje har opptredd ved Nationaltheateret og har og arbeidd som dansar ved The Polish Dance Theatre, der ho mellom anna danset i Minus 2 av Ohad Naharin. 

Ho har urframført ei rekkje verk og gjesta mange festivalar som solist, mellom anna Huddersfield Contemporary Music Festival, Die Donaueschinger Musiktage, Ultima Contemporary Music Festival og Festspillene i Bergen. I 2013 vart Silje kåret til “Årets utøver” av Norsk Komponistforening. Silje er medlem av Ensemble Neon som vant Spellemannpris i kategorien samtid i 2016 og “Årets utøver” av Norsk komponistforening i 2017. 

Opplev Silje Aker Johnsen på Hardanger Musikkfest

5. nov., 2021
kl 19.00
Pris: 350,-

Vårofferet
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

5. nov., 2021
kl 21.00
Pris: 350,-

Vårofferet (ekstra framsyning)
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

Kjøp billett