Sigurd Sverdrup Sandmo

Har eit stort interessefelt og brei bakgrunn som formidlar og leiar i kulturfeltet.

Med hovudfag i nordisk litteratur om leprametaforar i norske barokksalmar, vart Sigurd Sandmo tilsett som direktør på Lepramuseet St. Jørgens Hospital i 1998. Gjennom faglege formidlingsprosjekt og nyskapande kunstnarsamarbeid fekk han fleire gonger det gløymde leprahospitalet til det nasjonale mediebiletet. Etter mange år med formidlings- og utstillingsarbeid ved dei kulturhistoriske musea i Bergen, vart Sandmo i 2013 tilsett som direktør for dei tre komponistheimane under KODE – Troldhaugen, Lysøen og Siljustøl – og hadde ein svært synleg plass i det norske musikkfeltet. I 2019 reiste Sandmo frå Bergen til fordel for jobb som sjef for Dei kongelege samlingar ved Hoffet, der han fekk ansvar for forvaltninga og formidlinga av Kongehuset sin kulturarv, til dømes på Det kongelege slott og Oscarshall, og gjennom utstillingar i Dronning Sonja Kunststall. Sidan november 2021 har han vore direktør for KORO, staten sin fagetat for kunst i offentleg rom.

Sandmo si interesse for kunst, litteratur og musikk har prega arbeidet på tvers av posisjonar og arenaer. Ved dei historiske musea inviterte han utøvarar og publikum til nyskapande musikalske og kunstnariske møte i dei tradisjonelle historiske romma. Seinare har han opna for andre faglege samtalar og nye former for historisk kontekstualisering ved kunstinstitusjonane.

Sigurd Sandmo gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Opplev Sigurd Sverdrup Sandmo på Hardanger Musikkfest

3. nov., 2022
kl 17.00
Pris: 130,-

Føreleik: Lydspor frå ei uventa tid
Nils Henrik Asheim // Birgit Djupedal // Sigurd Fischer Olsen // Tyler Futrell // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Ullensvang Gjesteheim

Varm opp til festival med eit glas Hardangersider og festivalkomponistane Nils Henrik Asheim, Birgit Djupedal, Sigurd Fischer Olsen og Tyler Futrell i samtale med Sigurd Sandmo.

4. nov., 2022
kl 16.00
Pris: 100,-

Konsertinnføring med Sigurd Sandmo
Sigurd Sverdrup Sandmo // Oslo Strykekvartett

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Sigurd Sandmo inviterar til betraktningar rundt Messiaen sin «Kvartett til tidenes ende», som kan høyrast i Ullensvang kyrkje kl. 22.00. Musikalsk innslag ved Oslo Strykekvartett.

Kjøp billett

5. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-

Musikalske myter
Florian Donderer // Håvard Gimse // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Krossvoll, Lofthus

Ei reise i ord og tonar gjennom mytane si verd, musikalsk illustrert av Szymanowski sitt praktfulle verk «Mythes». Sigurd Sandmo, Håvard Gimse og Florian Donderer. Sal av gyldne snittar.

Kjøp billett

6. nov., 2022
kl 12.00
Pris: 300,-

Griegvitjing 2022
Silje Aker Johnsen // Håvard Gimse // Florian Donderer // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Sigurd Sverdrup Sandmo

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Silje Aker Johnsen, Håvard Gimse, Florian Donderer, Sharon Kam og Tanja Tetzlaff i et heilnorsk kammermusikalsk program. Sigurd Sandmo, tidlegare direktør på Troldhaugen, er vertskap.

Kjøp billett