Psst!

Knasande gulerøtter, tørketrommelen i kjelleren og digre anleggsmaskiner – kvardagslydar skapast om til ei heilt spesiell musikkforestilling som fengslar heile familien.

Psst! (tidl. HYSJ) følger dei to trommeslagarane Øyvind-lys og Øyvind-mørk gjennom eit døgn. Det startar som ein heilt vanleg dag. Etter kvart som timane går, vert skillet mellom verkelegheit og fantasi utydeleg. Vi blir dratt inn i ein transgalaktisk stjernekrig, møter ein kval som har forvilla seg inn på eit oversvømt bad, og får bli med på togtur gjennom det ville vesten. 

Kvardagslege ting som å ete frokost og å sjå barne-TV, vert gjort om til musikalske begivenheiter. Musikken, i samspel levende illustrasjonene vist på lerret bak på scena, hjelper oss med å sjå alt det spennande og fantastisk rare som skjuler seg bak ein tilsynelatande grå kvardag.


Sagt om Psst! i pressa:

«Estetisk musikkfest for alle barn (og en hel del voksne). (..)Det ser rett og slett kjempebra ut og det er deilig å se hvordan film blir en så inkludert del.»
CHARLOTTE MYRBRÅTEN, BERGENS TIDENDE, FRÅ DNS 2019.

"Barna jeg ser rundt meg sitter fjetret (...) og jeg er ganske fjetret selv også. Det er en fin idé utført med så god timing og så mye musikalitet at det rett og slett er veldig fengslende."
MARI PAUS, BALLADE.NO, FRÅ ULTIMAFESTIVALEN 2018.

«(De) lykkes ikke bare i å skrive og fremføre et verk som engasjerer barna, de skaper førtifem magiske minutter som hele familien kan samles om og vende tilbake til."
MAJA SKANDING, BALLADE.NO, FRÅ BAJAZZFESTIVALEN 2017.

- - 
Psst! er komponert og regissert av to blad Øyvind, i samarbeid med illustratør Fredrik Rysjedal. Stykket var opprinneleg eit bestillingsverk til Bajazz-festivalen i Bergen i 2017. Sidan då har Psst! blitt spelt på Ultimafestivalen i Oslo 2018, og tre veker ved Den Nationale Scene i Bergen februar 2019, til overveldande god respons frå presse og publikum.

Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde er to av dei mest aktive trommeslagarane i Noreg, med bakgrunn i band som Building Instrument, Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og JUNIP (Hegg-Lunde), og Skarbø Skulekorps, 1982, Håkon Kornstad Tenor Battle og Bly de Blyant (Skarbø). Begge har motteke ei rekke prisar for arbeidet sitt. Som duo har dei jobba saman sidan 2001, og blant mykje anna gjort ei trioplate med Ståle Storløkken, samt ei rekke prosjekt for barn.

Fredrik Rysjedal ein av dei mest spennande kunstnarane i Noreg om dagen. Han har nettopp fullført eit stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, der han gjer nybrottsarbeid om teikneseriar tilpassa skjerm.

Opplev Psst! på Hardanger Musikkfest

9. juni, 2019
kl 12.00
Pris: 200,-

Psst! og Nøringen
Psst!

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Familiedag i Fjordahallen med lokale born frå Nøringen og den fengande og morosame musikkforestillingen Psst!