Perkusjonist og musikkformidlar
Owen Weaver er frå USA, men har på kort tid blitt ein veletablert kunstnar i Bergen og omegn. Hans virtuose framføring på alt frå klinkekuler til trommesett, har markert han som ei allsidig perkusjonist og eit friskt pust på samtidsscena. Owen Weaver jobbar blant anna i BIT20 Ensemble i Bergen som spesialiserer seg på nyskriven musikk for sinfonietta-besetning. Gjennom sine deltakarprosjekt er BIT20 Ensemble sitt mål å tilretteleggja for samspel og samskaping, der kreativ nyfikenheit ligg til grunn for jakta på det ukjente. I 2015 byrja utviklinga av ensemblet sin eigen komposisjonsapp, BITWaves, der det på ein enkel måte vert tilrettelagt for eiga musikkskaping. Under årets Hardanger Musikkfest har musikantar frå Ullensvang skulemusikklag og elevar ved Kinsarvik Skule utforska digital komposisjon med BITWaves. Owen Weaver gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
31. aug., 2023
kl 20.00
Pris: 350,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Festivalen sine mange freistingar vert presentert i ord og musikk. Denne kvelden får du den perfekte introduksjonen til artistane. Festivalleijinga inviterar artistane opp i sofaen for ein prat om livet, musikken & kjærleiken til det heile! Nyt den fyrste festivalkvelden med tradisjonsmat, drikke, prat og musikk i ein intim og underhaldande atmosfære. Dette er poplære oppskåka i ny drakt. Vertskap: Therese Birkelund Ulvo. Hakkasteik inkl. i billetten.
1. sep., 2023
kl 18.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ullensvang Skulemusikklag har sjølve delteke i utforminga av innhaldet på denne konserten. Med seg på laget: komponist Craig Farr og perkusjonistane Owen Weaver og Håkon Skjæret fra Bit20-ensemble. Pianist Ingfrid Breie Nyhus møter også lokal leikarring med sitt Slåttepiano. Under 18 år gratis inngang.
2. sep., 2023
kl 13.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
4 unge komponistar har sidan hausten 2022 jobba for å skapa nye lydbilete og utfordra seg sjølve som musikkskaparar. Verka hadde premiere under Borealis 2023, og Hardanger musikkfest markerar starten på prosjektet sin Vestlandsturné.