Ein av dei mest allsidige strykekvartettane, og har sidan starten i 1991 vore sameina med høg kunstnarisk standard og integritet.
Konsertane til ensemblet og CD-utgjevingar har gjennomgåande fått overstraumande mottaking frå publikum og kritikarar, og den særlege affiniteten for Beethoven har resultert i skjellsettande framføringar av alle kvartettane hans.Sentrale klassiske og nolevande komponistar vert programsatt overfor musikk i alle moglege andre sjangrar, og unike versjonar av til dømes Peer Gynt og Tosca gjer alle forventningar om kva ein strykekvartett kan og ikkje kan, grundig til skamma.
Kvartetten har spelt regelmessig på mange viktige arenaer, men trivst like godt i dei vesle romma der kammermusikken opphaveleg høyrer heime. Huskonserten er ofte Oslo Strykekvartetts viktigaste forum når publikum skal utfordrast.Oslo Strykekvartett består av Geir Inge Lotsberg og Liv Hilde Klokk, fiolin, Magnus Boye Hansen, bratsj, og Øystein Sonstad, cello. Dei speler alle på ypperleg italienske instrument generøst utlånt av Dextra Musica.
3. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Høgtideleg opning med kammermusikk i ekkoet si ånd. Håvard Gimse, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam, Florian Donderer og Oslo Strykekvartett byr på musikk av Pärt, Shaw, Asheim (urfremføring) og Brahms.
4. nov., 2022
kl 16.00
Pris: 100,-
Konsertarena: Krossvoll, Lofthus
Sigurd Sandmo inviterar til betraktningar rundt Messiaen sin «Kvartett til tidenes ende», som kan høyrast i Ullensvang kyrkje kl. 22.00. Musikalsk innslag ved Oslo Strykekvartett.
5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.