Fiolinist, multi-instrumentalist og komponist
Ola Kvernberg byrja å spela klassisk fiolin allereie som seksåring og har røter i folkemusikken. Han vann tredjepris i ein stor klassisk fiolinkonkurranse i Italia då han var 14 år gamal. To år seinare «oppdaga» han jazzen, og Kvernberg vart på kort tid sentral i den unge delen av jazzmiljøet i Molde. I nasjonal samanheng slo han gjennom i forbindelse med Djangofestivalen i Oslo vinteren 2000. Dette resulterte i albumet Hot Club de Norvège Presenting Ola Kvernberg & Jimmy Rosenberg. Med sitt «Steamdome»-prosjekt har Kvernberg gjennom to album og euforiske konsertar for alvor vist kva for ein komponist han også er. August 2023 vert tredje og førebels siste del av «Steamdome»-universet sleppt, og det vert ei urframføring utan hemningar – i eit prosjekt som vert endå større, mektigare og tøffare enn tidlegare. Ola Kvernberg gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.
2. sep., 2023
kl 19.00
Pris: 400,-
Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus
Overraskingskonserten er Hardanger Musikkfest sin gallakonsert der alle festivalartistar medverkar. I Hardangerhallen på Hotel Ullensvang møter du eit stjernespekka lag og vert servert ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Therese Birkelund Ulvo og Sigurd Sverdrup Sandmo er kveldens vertskap.