Nordic Voices

Nordic Voices er eit vokalensemble som beveger seg mellom tidleg musikk, samtidsmusikk og folkemusikk.

Dei blandar gjerne sjangrar på same konsert, og har med dette fått eit begeistra og stabilt publikum i Norden, Japan, Canada, Spania, Tyskland og USA. Ensemblet har utstrekt konsertverksemd i Noreg, og jobbar ihuga med å tinga og urfremføra nye verk av norske komponistar. I 2019 har Nordic Voices spelt inn tre album, med musikk av komponistar som Cecilie Ore, Lasse Thoresen, Maja S. K. Ratkje og Henrik Ødegaard, samt austerrikaren Georg Friedrich Haas. Til Hardanger kjem Nordic Voices med gamle voggesongar, renessanse og barokkmusikk – samt heilt ny musikk.

Opplev Nordic Voices på Hardanger Musikkfest

29. mai, 2020
kl 18.00
Pris: 475,-

Overraskingskonsert
Sjøforsvarets musikkorps // Barokksolistene // Magnus Staveland // Nordic Voices // Kviven Duo // Nils Henrik Asheim // Erlend O. Nødtvedt // Anders Kjellberg Nilsson // Tora Augestad // Ernst Simon Glaser // Elin Rombo // Helge Lien // Ruth Wilhelmine Meyer // Sveinung Bjelland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Me inviterer til den tradisjonsrike overraskingskonserten, for tredje gongen i Fjordahallen i Kinsarvik - Ullensvang si nye storstove.

30. mai, 2020
kl 19.00
Pris: 400,-

Barokkgalla
Nordic Voices // Bergen Domkor // Barokksolistene // Elin Rombo // Tora Augestad // Magnus Staveland

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Ein festaftan av dei sjeldne på eit av våre hovudarrangement i storstova Fjordahallen. Bjarte Eike & Barokksolistene saman med Bergen Domkor, Nordic Voices og lokale kor lovar ein fargesprakande kveld.

Kjøp billett

1. juni, 2020
kl 11.00
Pris: 300,-

Nordiske Røyster
Ruth Wilhelmine Meyer // Nils Henrik Asheim // Nordic Voices

Konsertarena: Ullensvang kyrkje

Det ærefulle oppdraget med å musikalsk avslutta årets festival går til Ruth Wilhelmine Meyer, Nils Henrik Asheim og Nordic Voices som byd på avslutningstonar med etterklang.

Kjøp billett