Ein musikkens altmogleg-mann!
Nils Henrik Asheim kombinerar karrierane som organist, pianist og komponist med ei verksemd som kurator, programskapar og initiativtakar til kunstnariske samarbeid.Nils Henrik Asheim har skrive ei rekkje kammerverk, orkesterverk og større sakrale verk i tillegg til dramatisk musikk, stadsspesifikke verk og verk der improvisasjon er eit sentralt element. I 2018 fekk han Nordisk Råds musikkpris for«Muohta – language of snow». Same år vart han utnemnt til riddar av den kongelege St.Olavs orden for innsatsen for norsk musikkliv.
Til Hardanger Musikkfest 2022 har han skrive bestillingsverk til Oslo Strykekvartett.
3. nov., 2022
kl 17.00
Pris: 130,-
Konsertarena: Ullensvang Gjesteheim
Varm opp til festival med eit glas Hardangersider og festivalkomponistane Nils Henrik Asheim, Birgit Djupedal, Sigurd Fischer Olsen og Tyler Futrell i samtale med Sigurd Sandmo.
3. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 300,-
Konsertarena: Ullensvang kyrkje
Høgtideleg opning med kammermusikk i ekkoet si ånd. Håvard Gimse, Tanja Tetzlaff, Sharon Kam, Florian Donderer og Oslo Strykekvartett byr på musikk av Pärt, Shaw, Asheim (urfremføring) og Brahms.
4. nov., 2022
kl 11.00
Pris: 250,-
Konsertarena: Lofthus Ekspedisjon
Nyt herlege bakverk frå Fløy til musikalsk og visuelt innhald frå Silje Aker Johnsen, Fredrik Rysjedal og Nils Henrik Asheim.