Navid Rezavani

Ein B-boy som brukar danseaspektet i HipHop-kulturen for å uttrykkja seg.

Navid Rezvani er fødd i Iran og er statsborgar i Noreg. Han er internasjonalt vidkjend for sitt harde arbeid med å dela nokre av de verkelege verdiane til HipHop-kulturen innanfor sine framsyningar, dokumentarar og inspirasjonsføredrag.

Gjennom fleire år med reise, tevling og opptreden i forskjellige delar av verda tek Navid med seg opplevingane sine av kulturar, sedar, kampar og historiar og uttrykkjer dei på scena for publikum. Navid sitt mål er å fungera som ei bru mellom kulturar, og bringa menneske nærare kvarandre.

Etter å ha vore en av finalistane i den norske versjonen av TV-showet «So You Think You Can Dance» og 2. plass i «Norway's Got Talent», reiste Navid landet rundt med The Norwegian Touring Theatre (Riksteatret) sitt forestillingsshow «Hver lærer en», som har vorte ein stor suksess i Noreg. Han drøymer om ein dag å vinne ein verdsmeisterskapstittel i Breaking.

Navid vann det offisielle noregsmeisterskapen i Breaking i 2016 og er i dag ambassadør for Norges olympiske senter. Han er den fyrste norske HipHop-dansaren som har motteke eit 3 års arbeidsstipend frå Norsk kunstråd.

Nyleg vann han TV-konkurransen «Persia's Got Talent». Konkurransen er retta mot persisktalande publikum over heile verda, hovudsakleg i Iran, ein nasjon med rundt 80 millionar innbyggjarar.

Opplev Navid Rezavani på Hardanger Musikkfest

5. nov., 2021
kl 19.00
Pris: 350,-

Vårofferet
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

5. nov., 2021
kl 21.00
Pris: 350,-

Vårofferet (ekstra framsyning)
Marianna Shirinyan // Navid Rezavani // Silje Aker Johnsen // Torkjell Børsheim // Camilla Spidsøe Cohen

Konsertarena: Fjordahallen, Kinsarvik

Den heftigaste rita i musikken, med to flygel og fire dansarar.

Kjøp billett