Mina Gursli Langesæter

Årets stjerneskot 2021!

Hornisten Mina Gursli Langesæter frå Hardanger er kjent for sin store fine klang. Allereie som 15-åring flytta ho til Bergen for å studera musikk og vart fort etablert i musikkmiljøet der. Ho starta sine musikkstudier ved Griegakademiet, heldt fram ved Norges Musikkhøgskole og studerar no med Professor Thomas Hauschild ved Hochschule für Musik und Theater «Felix Mendelssohn Bartholdy» i Leipzig. Mina har vore fast medlem i Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester i fleire år, samt delteke på Ung Filharmoni, Ungdomssymfonikerne og KonstKnekt. Ho har også vikariert i Sjøforsvarets Musikkorps og Bergen Filharmoniske orkester. Ho har motteke Sparebankstiftinga Hardanger sitt talentstipend og i 2021 vart ho Hardanger Musikkfest sitt «Stjerneskot».

Opplev Mina Gursli Langesæter på Hardanger Musikkfest

4. nov., 2022
kl 18.00
Pris: 400,-

Tenniskonsert med BFUng
Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester // Kjell Seim // Mina Gursli Langesæter // Sigurd Fischer Olsen // Gunilla Süssmann // Florian Donderer // Hanna Kallestad

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Festkonsert med BFUng, dirigent Kjell Seim og fjorårets stjerneskot Mina Gursli Langesæter. Verk av Copland, Tveitt, Fischer Olsen (urfremføring), Schostakovich, Mozart, Gershwin og Glass. Konferansier er kunstnarleg leiar Gunilla Süssmann.

5. nov., 2022
kl 19.00
Pris: 400,-

Overraskingskonsert
Stephan Meidell // Øyvind Hegg-Lunde // Karin Nakagawa // Fredrik Rysjedal // Gunilla Süssmann // Mina Gursli Langesæter // Silje Aker Johnsen // Birgit Djupedal // Det Norske Jentekor // Erlend Apneseth // Oslo Strykekvartett // Sharon Kam // Tanja Tetzlaff // Håvard Gimse // Florian Donderer // Terjungensemble // Karl Seglem // Therese Birkelund Ulvo

Konsertarena: Hardangerhallen, Lofthus

Ei forundringspakke av musikk som overraskar, bevegar og underhaldar. Heile spekteret av festivalen sine artistar deltek i kjende og ukjende konstellasjonar. Nytt verk av Birgit Djupedal vert urframført av Terjungensemblet. Therese Birkelund Ulvo og Gunilla Süssmann er vertskap.

Kjøp billett